Varslingssaka vert dyrare

Publisert 04.06.2020 kl. 05.00

Kontrollutvalet har søkt om tilleggsløyving på 130.000 kroner i samband med varslingssaka som no vert granska, opplyste ordføraren i sist formannskapsmøte.

AV HALLVARD TYSSE

Det er revisjonsselskapet Deloitte som er i gang med å undersøkja arbeidstilhøva på barneskulen (biletet), der det skal ha danna seg to leirar. Saka har vist seg å vera meir arbeidskrevjande enn då utvalet vedtok å starta undersøkingane.

Frå før har kommunestyret løyvd 200.000 kroner til gjennomgangen. No kjem totalsummen opp i 330.000. Etter planen skulle rapporten frå Deloitte leggjast fram for kommunestyret 11. juni, men selskapet treng truleg meir tid for å ferdigstilla arbeidet.

Les e-avisa
Bestill Abonnement