Samnanger opnar barnehagane 22. april

Publisert 16.04.2020 kl. 20.05

Etter ein lang debatt vedtok formannskapet torsdag kveld at barnehagane i Samnanger skal opna onsdag 22.april. Småskulen og SFO opnar 27. april.

AV HALLVARD TYSSE

Før møtet hadde ordføraren teke sterkt til orde for å halda oppe dei strenge smitteverntiltaka som vart innførte 12. mars. Men fem av dei ni representantane i formannskapet meinte at også Samnanger må retta seg etter dei nasjonale retningslinjene.

– Når me har fått klare råd frå både helsestyresmaktene og vår eigen smittevernlege, bør me følgja dei, sa Øyvind Strømmen (MDG).

Ordførar Knut Harald Frøland (BL) ville ha ei meir gradvis opning av skular og barnehagar, og meinte at tilboda i første omgang berre burde vera tilgjengelege for foreldre med samfunnskritiske funksjonar og dei som elles ikkje hadde høve til å halda borna heime. Han var redd for konsekvensane av å opna opp for raskt, og meinte at ingen kan vera trygge for koronaviruset.

Ikkje samde
Begge dei to andre representantane frå Bygdalista gjekk imot sin eigen ordførar. Martin Haugen syntest framstillinga vart for einsidig.

– Det er svært inngripande å halda skulen stengt. Dessutan synest eg det er eit problem at me som formannskp i Samnanger skal sitja og vurdera medisinske spørsmål som helsestyresmaktene har gjeve oss klare råd om. Eg trur synet deira er grundig gjennomtenkt, sa den engasjerte rektoren.

Lena Tveit (BL) støtta han: – Eg meiner at me må stola på myndigheitene, men det er også viktig at me lyttar til dei som jobbar i skulane og barnehagane, slik at dei er klare til å ta imot borna på ein trygg måte.

Slutt på hytteforbodet
Jon Magne Bogevik (Ap) var mellom dei som peika på at både pendlinga og hyttetrafikken vil ta seg opp att i tida framover.

Varaordførar Øyvind Røen (Sp) understreka at nettopp dette vil føra til at smittefaren aukar.

– Eg har vanskeleg for å forstå at me skal opna opp skular og barnehagar før me har meir kunnskap om situasjonen. Sjå korleis det har gått i Sverige. Der er talet på døde åtte gonger så høgt som her i landet, påpeika han.

Opnar onsdag
Under avrøystinga vart det klart at to frå Ap, ein frå MDG og to frå Bygdalista ville følgja råda frå regjeringa, medan dei tre frå Sp, KrF, Frp + ordføraren ønskte å utsetja opninga.

Rådmann Charlotte Hageberg hadde i løpet av møtet kontakt med einingsleiarane i barnehagane og fekk opplyst at dei ikkje vil vera klare for å la borna koma tilbake på måndag.

– Men frå onsdag 22. april skal barnehagane kunna opna, fortalde ho.
1.-4. klasse og skulefritidsordninga skal opna måndag 27. april.

Les e-avisa
Bestill Abonnement