Prøver å finna areal til trelasthandel

Samnanger kommune manglar areal til plasskrevjande handel. Ein aktør skal vera interessert i å starta med sal av byggjevarer, og treng tomt ved Fv 49 mellom Bjørkheim og Frøland. – For ein slik forretning vil nok hyttemarknaden på Kvamskogen vera viktig, seier assisterande rådmann Hilde-Lill Våge. Ho håpar det let seg gjera å finna ei løysing i samband med at områdereguleringsplanen for Bjørkheim no skal oppgraderast.

Les e-avisa
Bestill Abonnement