Strenge smittevernreglar fører til ny avlysing av kyrkjejubileet

Publisert 06.11.2020 kl. 16.20
Sist endra 07.11.2020 kl. 13.00

Dei nye koronatiltaka som Bergen og omlandskommunane gjennomfører frå laurdag 7. november, inneber at den planlagde 25-årsmarkeringa i Haga kyrkje må avlysast – igjen. Også i vår måtte kyrkjekontoret avlysa grunna smittefrykt. I ei melding som kyrkjeverje Britt Haukanes sende ut fredag ettermiddag skriv ho:
«Me må diverre avlysa jubileet vårt også denne gongen. Sidan Samnanger har dei same koronatiltaka som Bergen kommune, har me berre lov å vera 20 stk. i offentlege forsamlingar. Då vert det ikkje plass til alle dei inviterte ein gong! Det er heller ikkje rett å samlast til fest, når heile landet prøver å isolera koronaen vekk… Me håpar å kunna bruka noko av programmet ved seinare høve og noko vert kanskje lagt ut digitalt.»

Fredag vart det registrert 103 nye smitta i Bergen, det høgaste på eitt døgn sidan pandemien braut ut. Det vert difor sett i verk strenge smitteverntiltak både i Bergen og nabokommunane. Samnanger kommunestyre vedtek den nye smittevernforskrifta i eit ekstramøte laurdag ettermiddag.

  • Fram til 23. november er det ikkje lov å vera meir enn fem personar i private heimar. Unntak er dersom dei som bur saman er fleire enn fem. Det skal også vera unntak for kohortar for born i barnehage og barneskule.
  • Arrangement på offentleg stad skal ha faste sitjeplassar, og det er ikkje lov å vera meir enn 20 deltakarar. Det er gjort unntak for gravferder. Der kan det vera inntil 50 personar.
  • Breiddeidrett og amatørkultur for vaksne over 20 år er forbode.
  • Skjenke- og serveringsstader må stengja seinast kl. 22.00.
  • Det er påbode med heimekontor for alle som kan ha det.

For fullstendige reglar sjå www.samnanger.kommune.no eller Bergen kommune si heimeside.

Les e-avisa
Bestill Abonnement