Kyrkja opnar att

Publisert 07.05.2020 kl. 05.00

AV MARIANNE A. REISTAD

Denne veka vart det bestemt at også kyrkjene skal opna gradvis. Frå og med i dag er det tillate med opptil 50 personar på gudstenester, i bryllaup og gravferder. Første gudsteneste i Samnanger vert på søndag.

– På gudstenester med dåp kan det fort koma langt fleire enn 50 menneske. Då kan det verta aktuelt å dela det opp, slik at det vert både ei vanleg gudsteneste og ei for berre dei som skal vera med i dåpen, fortel kyrkjeverje i Samnanger, Britt Haukanes.

Hovudpunkta i smittevernrettleiaren for kyrkja er elles at det skal vera minst éin meter mellom kvar person, at rutinar for handhygiene og reinhald skal overhaldast og at det skal vera minst mogleg berøring og bruk av felles utstyr. Sjuke personar skal ikkje delta eller vera til stades.

Kyrkja sentralt har tidlegare bestemt at alle konfirmasjonar skal utsetjast til hausten.

– Denne avgjerda står me på, så konfirmasjonane i Samnanger skal vera helga 19. og 20. september, opplyser Britt Haukanes.

** Reglane om inntil 50 deltakarar gjer at også idrett og kultur no kjem i gang att med ein del av aktivitetane sine. Les meir om dette i dagens utgåve av Samningen.

Les e-avisa
Bestill Abonnement