Køyrde i 140 km/t gjennom Eikedalen

Publisert 26.08.2021 kl. 05.00

Måndag hadde UP kontroll i 70-sona i Eikedalen. I løpet av dei fire timane dei var på plass, delte dei ut 12 forenkla førelegg for fart. 92 km/t  var høgste målte hastigheit blant desse.

I tillegg fekk ein bilførar beslaglagt førarkortet og vart meld til politiet etter å ha køyrd i 140 km/t, det vil seia dobbelt så fort som tillate. Denne personen må rekna med ubetinga fengselsstraff, opplyser politiet i Kvam.  

Det vart også delt ut eit forenkla førelegg for bruk av mobiltelefon. 

Les e-avisa
Bestill Abonnement