Ingebjørg Vamråk overtek som Samnanger-rådmann

Publisert 13.08.2020 kl. 20.20

Tidlegare rådmann på Fedje, Ingebjørg Vamråk (49), skal leia kommuneadministrasjonen i Samnanger frå 1. september. Ho vert vikar medan formannskapet leitar etter ein ny fast toppleiar.

AV HALLVARD TYSSE

Det var eit samrøystes kommunestyre som i ettermiddag vedtok å tilby stillinga til Vamråk. Ho var ein av to søkjarar med rådmannsbakgrunn som var inne til intervju med formannskapet tidlegare i dag.

Utdanna jurist
Ingebjørg Vamråk har jobba med økonomi, vore lærar og arbeidd med forskning. Ho er utdanna jurist med spesialisering i skatterett. I 2018 måtte ho gå på dagen frå stillinga som rådmann på Fedje. «Eg stiller meg temmeleg uforståande til dette. Eg har fått gode tilbakemeldingar og levert så det susar», sa Vamråk til Kommunal Rapport den gongen.

– Skuldingane mot meg vart seinare trekte tilbake. Saka enda med både oppreising og sluttpakke, fortel ho til Samningen.

– Gler meg
– Eg fekk eit veldig godt inntrykk av formannskapet i dag, og gler meg til å ta fatt på jobben i Samnanger, seier den nytilsette rådmannen.

Ho bur i Bjordal på sørsida av Sognefjorden, men kjem ikkje til å pendla dagleg til den nye arbeidsstaden. – Det vert for langt, så der må eg finna ei løysing, seier ho.

(Foto: Privat)

 

Les e-avisa
Bestill Abonnement