I Samnanger kan det vera ti personar på private samankomstar

Publisert 07.11.2020 kl. 18.20

Kommunestyret har laurdag ettermiddag vedteke ei smittevernforskrift som tillet at det kan vera inntil ti personar på private samankomstar, ikkje fem som i Bergen.

AV HALLVARD TYSSE

På grunn av den aukande korona-smitten har alle nabokommunane til Bergen innført den same forskrifta som byrådet vedtok fredag. Men rådmannen i Samnanger ville ikkje forby meir enn fem personar i private heimar, slik Bergen har gjort.

– Det er eit frykteleg sterkt inngrep å seia at det ikkje er lov å vera meir enn fem personar heime hos nokon. Folk har rett til både privatliv og familieliv. Og sjølv om situasjonen er ille i Bergen, må me vurdera tilhøva i Samnanger. Det kan vera i strid med lovverket å  gå for drastisk til verks, meinte rådmann Ingebjørg Vamråk. Etter å ha konferert med smittevernlegen tilrådde ho å setja grensa ved ti personar.

18 av dei 21 kommunestyrerepresentantane støtta dette synet. Tre ville behalda grensa på fem.

I forskrifta er private samankomstar definert som samankomstar i private heimar, hytter og liknande, medrekna lausare arrangement innandørs og utandørs.

Ordføraren opplyste i det digitale møtet at det no er registrert to smittetilfelle i Samnanger, og understreka at situasjonen er langt meir alvorleg enn i mars. Han meinte likevel at rådmannen sitt forslag var fornuftig. Dei vedtekne pålegga gjeld frå no og fram til 23. november. Kriseleiinga har fått fullmakt til å vedta forlenging og å gjera naudsynte endringar i forskrifta dersom situasjonen tilseier det.

Utanom det som er nemnt ovanfor er dei viktigaste reglane slik:

  • Arrangement på offentleg stad skal ha faste sitjeplassar, og det er ikkje lov å vera meir enn 20 deltakarar. Det er gjort unntak for gravferder. Der kan det vera inntil 50 personar.
  • Arrangement der avstandskravet på éin meter ikkje kan overhaldast, er ikkje tillate.
  • Breiddeidrett og amatørkultur for vaksne over 20 år er forbode.
  • Treningssenter skal halda stengt.
  • Bibliotek skal halda stengt for publikumsopphald og aktivitetar. Lån og innlevering av bøker er tillate.
  • Butikkar og kjøpesenter må sørgja for at det ikkje er fleire til stades i lokalet enn at det kan haldast to meters avstand.
  • På kollektivtrafikk og innandørs på offentleg stad skal munnbind/ansiktsmaske brukast når det ikkje går an å halda éin meters avstand.
  • Skjenke- og serveringsstader må stengja seinast kl. 22.00.
  • Det er påbode med heimekontor for alle som kan ha det. Arbeidsgjevar er ansvarleg for å vurdera om det er mogleg å utføra arbeidet heime.

For fullstendige reglar sjå www.samnanger.kommune.no

Les e-avisa
Bestill Abonnement