Portrait of caucasian sporty woman wearing medical protection face mask while walking in park, relaxing and listening to music. Corona virus, or Covid-19, is spreading all over the world.
Portrait of caucasian sporty woman wearing medical protection face mask while walking in park

Her er dei nye smittevernråda for Samnanger

Bergen har innført eigne korona-tiltak for å handtere smitteutbrotet i kommunen. Tiltaka gjeld frå 29. oktober til 26. november. Alver, Askøy, Bjørnafjorden, Osterøy, Samnanger, Vaksdal og Øygarden har tett kontakt med Bergen, både gjennom pendling, handel, kulturarrangement og sosiale aktivitetar. For å avgrensa smittespreiing vil kommunane, etter råd frå Folkehelseinstituttet (FHI), tilrå nokre av dei same smitteverntiltaka som Bergen. Desse nye tilrådingane gjeld frå 29. oktober til 26. november 2020. Dei nasjonale smittvernråda gjeld òg. 

Dei nye smitteverntiltaka er:
– Ikkje fleire enn fem gjestar heime, i tillegg til dei du bur med. Dette er i samsvar med dei nasjonale råda.
– Maksimalt 50 deltakarar på offentlege arrangement utan fast sitjeplass. For arrangement med faste sitjeplassar gjeld framleis grensa på 200 personar. 

I tillegg til nasjonale råd tilrår Alver, Askøy, Bjørnafjorden, Osterøy, Samnanger, Vaksdal og Øygarden:
– Serveringsstader som serverer alkohol, slepp ikkje inn gjestar og serverer ikkje brennevin etter klokka 24.
– Serveringsstader har system for registrering av gjestar.
– Lyden på utestader og serveringsstader skal vera på eit slikt nivå at gjestar kan halda ein samtale med 1 meters avstand.
– Innbyggarar som er avhengige av kollektivtransport, har heimekontor der det er praktisk mogleg og føremålstenleg..
– Bruk munnbind på kollektivtransport til og frå Bergen dersom du ikkje kan halda 1 meters avstand. 

Skal du til Bergen kommune, må du følgja Bergen sine påbod. Dette gjeld mellom anna bruk av munnbind innandørs på offentleg stad og på kollektivtransport der du ikkje kan halde 1 meters avstand. Les meir på Bergen kommune sine nettsider.

Les e-avisa Bestill abonnement