God start på fiskesesongen

Publisert 06.08.2020 kl. 05.00

Måndag deltok Anna Wærdahl Tveiterås for første gong på laksefiske i elveosen på Tysse. Etter kort tid drog ho i land ein laks på 4,2 kilo. Leiar i fiskenemnda til Samnanger jeger- og fiskerlag, Thor-Olav Holmefjord, fortel om ein svært god start på sesongen. – Me begynte laurdag 1. august, og i løpet av dei tre første dagane vart det teke 25 fiskar. Det er langt betre enn dei to siste åra, fortel han.

Les e-avisa
Bestill Abonnement