Glad for at Fylkesmannen trekkjer kravet om lovlegkontroll

Publisert 14.05.2020 kl. 11.57

– Me kan alle føreta feilvurderingar, seier ordførar Knut Harald Frøland (biletet). Han meiner det står respekt av at Fylkesmannen no har trekt varselet om lovlegkontroll knytt til offentleggjeringa av barnevernsrapporten.

AV HALLVARD TYSSE

Samnanger kommune har i dag, torsdag 14. mai, motteke brev frå assisterande fylkesmann Gunnar O. Hæreid der han avsluttar saka om lovlegkontroll. Fylkesmannen har kome til at kommunestyret sitt vedtak om at «granskingsrapporten skal vera offentleg og leggjast ut på Samnanger kommune sine heimesider» er ei avgjerd om å gje innsyn i dokumentet. Positive vedtak om innsyn, kan ikkje påklagast.

«Slike beslutninger er følgelig heller ikke den type «endelige vedtak» som kan tas opp til lovlighetskontroll etter kommuneloven», går det fram av brevet.

Fylkesmannen er samd i at det er av stor offentleg interesse å få innsyn i barnevernet sitt arbeidet og vedtak, men meiner det er grunn til å visa stor varsemd når det gjeld handteringa av personsensitive opplysningar, særleg av omsyn til born.

«Selv om ikke navn fremgår, vil opplysninger ofte kunne kobles mot enkeltpersoner og på den måten kan taushetsbelagt informasjon bli kjent. Vi mener på generelt grunnlag at det er mulig å ivareta begge hensyn. Vi anbefaler også at samtykker som innhentes for å gi innsyn og eventuelt å publisere på nettet, er skriftlige og spesifiserte», heiter det i brevet. I følgje granskarane har det berre vore gjeve munnlege samtykke til publisering av rapporten.

Ordførar Knut Harald Frøland er glad for Fylkesmannen si avgjerd, og meiner at fokuset no må vera på den utgreiinga som advokat John Christian Elden arbeider med, og som går på å vurdera om kommunen kan reisa  erstatningskrav mot tidlegare tilsette og andre instansar i barnevernet.

Les e-avisa
Bestill Abonnement