Til nett

Første stikk sett på Samnangerheimen

Litt over klokka halv eitt i dag, 7. januar, fekk 101 år gamle Oddvar Tvedterås Samnanger si første vaksine mot korona. Han syntes det var stort å få vera nummer ein på vaksineringslista, og var ikkje nemneverdig nervøs på førehand.

Tekst og foto: Mathias Reistad

– Eg har vore borti så mykje løye tidlegare, så dette er ikkje spesielt skremmande, sa Oddvar medan fagsjukepleiar Kjersti Herland Liøen gjorde klar sprøyta.

Sjølve stikket verka det heller ikkje som Oddvar opplevde som særleg smertefullt.

– Dette var ikkje noko å skriva heim om, sa 101-åringen då sprøytespissen gjekk inn i den høgre overarmen hans.

Om tre veker skal Oddvar få neste og siste dose.

Einingsleiar for sjukeheim og heimetenester, Janne Drevsjø, er nøgd med at vaksineringa har byrja på Samnangerheimen.

– No håper me berre at vaksinen fører til at alt går tilbake til normalen etter kvart, seier ho.

Tretten andre stod i kø for vaksinering etter at Oddvar hadde fått den første dosen på sjukeheimen i dag. Totalt er det planlagt at alle dei 22 bebuarane skal vaksinerast.

– Me har ringt rundt til pårørande i dag for å få samtykke til vaksinering. Så langt har alle sagt ja til det, fortel Janne Drevsjø.

Les e-avisa Bestill abonnement