Fleirtal for å vurdera sak mot tidlegare barnevernsleiar

Publisert 28.05.2020 kl. 17.55

Med fem mot fire røyster vedtok Samnanger formannskap torsdag ettermiddag at Advokatfirmaet Elden skal utarbeida underlag for stemning mot den tidlegare barnevernsleiaren i kommunen.

AV HALLVARD TYSSE

Slik lyder vedtaket som vart sett fram av Knut Harald Frøland (Bl), Lena Tveit (Bl), Odd Arne Haga (Frp), Øyvind Røen (Sp) og Gunn Totland Moss (KrF):

«Samnanger kommune har motteke notat med vurdering frå Advokatfirmaet Elden DA, med tittel «Juridisk vurdering – Utredning av ansvarsforholdene for barneverntjenestens ansatte i Samnanger kommune med tanke på mulig krav/søksmål». Jf. kommunestyrevedtak i sak 024/20. 

Med utgangspunkt i denne vurderinga – og med grunnlag i tilgjengeleg dokumentasjon, særleg granskingsrapport utført av advokatane Thea Totland og Geir Kjell Andersland – skal det til formannskapsmøtet 3. september 2020 førebuast underlag for stemning med krav om erstatning (regress) i sak 2 i granskingsrapporten. Den eventuelle stemninga gjeld tidlegare barnevernsleiar i Samnanger kommune – og fylkesnemnda og tingretten som har handsama sak 2.»

Den økonomiske ramma for arbeidet er på inntil 300.000 kroner.

Øyvind Strømmen (MDG) og Shirin Kvernes Khadoor (Ap) tok begge til orde for at det var for tidleg å peika på kven eit eventuelt søksmål skal rettast mot.

– Saka er komplisert og det er mange sider som må vurderast. Å seia kven som skal stemnast før denne vurderinga er gjennomført, blir feil. Difor røystar eg imot, sa Strømmen.

MDG-politikaren fremja eit eige forslag om å følgja opp saka overfor sentrale styresmakter, mellom anna med tanke på å få på plass ei autorisasjonsordning for tilsette i barnevernet. Forslaget fekk berre røystene frå mindretalet (Shirin Kvernes Khadoor/ Gunn Østvik Petersen (Ap), Martin Haugen (Bl) og Øyvind Strømmen sjølv).

Saka går no vidare til kommunestyret, som tek si avgjerd 11. juni.

Les e-avisa
Bestill Abonnement