Fekk over 300.000 kroner til matprosjekt for eldre

Publisert 19.08.2021 kl. 05.00

Mange heimebuande eldre saknar nokon å eta middag i lag med. Det ville frivilligsentralen og pensjonistlaget i Samnanger gjera noko med, og før sommarferien søkte dei Helsedirektoratet om støtte til eit spisevenn-prosjekt. 

– Me fekk alt me hadde søkt om, fortel frivilligkoordinator Karina Frøland glad. 

Det vil seia heile 333.000 kroner til prosjektet, som skal gå fram til slutten av mars neste år. 

– Dette er eit tilbod til heimebuande eldre om å koma og få middag gratis i lag med andre ein gong i veka, opplyser Karina Frøland. 

Prosjektet startar opp allereie neste veke, og då er eldre inviterte til å eta på Bjørkheim kro og motell. Elles er det ikkje heilt bestemt kvar samlingane skal gå føre seg frå gong til gong. 

– Kanskje vil me vera litt ulike plassar, til dømes på biblioteket, seier Karina.

Ho fortel at det også er planar om å bruka nokre av midlane til å arrangera matlagingskurs for eldre ein gong i månaden, for å skapa matglede og leggja til rette for fellesskap. 

AV MARIANNE A. REISTAD
Les e-avisa
Bestill Abonnement