sudo-root

Home/sudo-root

About sudo-root

This author has not yet filled in any details.
So far sudo-root has created 13 blog entries.

Meiner beredskapen kostar for mykje

2019-12-04T20:47:35+01:00

Your Content Goes Here Dei rykkjer ut til både trafikkulukker og akutt sjukdom, fordi Samnanger manglar eigen ambulanse. Men no meiner kommuneadministrasjonen og politikarane at ordninga med «first responder» er for dyr, og at kostnaden må ned. Koordinator for akuttberedskapen i kommunen, Jostein Steinsland-Hauge, fryktar at ein i så fall kan mista høgt kvalifiserte medarbeidarar, og at tenesta vert svekka.

Meiner beredskapen kostar for mykje2019-12-04T20:47:35+01:00

Skal byggja opp ny laksestamme i elva

2019-12-04T20:47:45+01:00

Prøver å finna areal til trelasthandel Allereie til våren kan det verta sett ut befrukta rogn frå etnelaksen i Tyssevassdraget. – Me arbeider for å byggja opp ei ny laksestamme, slik at det på sikt skal gå an å starta fiske att i Tysseelva, Storelva og Frølandselva, seier fiskeforvaltar Gry Walle hos Fylkesmannen.

Skal byggja opp ny laksestamme i elva2019-12-04T20:47:45+01:00

Politiet har stoppa tre festar i Nordborg

2019-12-04T20:47:54+01:00

Prøver å finna areal til trelasthandel I haust har politiet avslutta tre privatfestar i ungdomshuset Nordborg. Rusa mindreårige og manglande skjenkeløyve er mellom årsakene. – Det ingen tvil om at dette ikkje har vore lukka arrangement, seier politikontakt Anders Opsal. No vil huseigaren verta strengare med kven som får leiga lokalet.

Politiet har stoppa tre festar i Nordborg2019-12-04T20:47:54+01:00

Tek grep for å løysa sjukepleiarmangel

2019-12-04T20:48:05+01:00

Prøver å finna areal til trelasthandel I fleire år har kommunen slite med å skaffa fagutdanna arbeidstakarar til Samnangerheimen og heimetenesta. No tek pleie og omsorg grep for å gjera det meir attraktivt å søkja jobb her. – Me legg om turnusen, slik at tilsette kan arbeida kvar 6. helg i staden for kvar tredje – og har allereie fått åtte søkjarar til ledige stillingar, fortel einingsleiar Janne Drevsjø.

Tek grep for å løysa sjukepleiarmangel2019-12-04T20:48:05+01:00

Får fire nye år i ordførarstolen

2019-12-04T20:48:14+01:00

Prøver å finna areal til trelasthandel Med støtte frå to tredelar av kommunestyret er Knut Harald Frøland attvald som ordførar. – Eg vil arbeida for at me har eit kommunestyre med takhøgd, slik at me toler både semje og usemje, sa han då han takka for tilliten. Øyvind Røen er attvald som varaordførar.

Får fire nye år i ordførarstolen2019-12-04T20:48:14+01:00

Har stått til teneste for veljarane «halve livet»

2019-12-04T20:48:26+01:00

Prøver å finna areal til trelasthandel Sture Tveit og Gunnar Bruvik takka for seg i lokalpolitikken då det gamle kommunestyret hadde sitt aller siste møte førre torsdag. Til saman har dei vore folkevalde i 52 år.

Har stått til teneste for veljarane «halve livet»2019-12-04T20:48:26+01:00

Prøver å finna areal til trelasthandel

2019-12-04T20:48:36+01:00

Prøver å finna areal til trelasthandel Samnanger kommune manglar areal til plasskrevjande handel. Ein aktør skal vera interessert i å starta med sal av byggjevarer, og treng tomt ved Fv 49 mellom Bjørkheim og Frøland. – For ein slik forretning vil nok hyttemarknaden på Kvamskogen vera viktig, seier assisterande rådmann Hilde-Lill Våge. Ho håpar det let seg gjera å finna ei løysing i samband med at områdereguleringsplanen for Bjørkheim no skal oppgraderast.

Prøver å finna areal til trelasthandel2019-12-04T20:48:36+01:00

300 gjekk til Botnahytta

2019-12-04T20:50:48+01:00

300 gjekk til Botnahytta Det kom mykje meir folk enn me hadde drøymt om. 75-års-markeringa vart ein kjempesuksess, seier Bjarne Øvredal i Os Sogelag. På søndag var det reine folkevandringa til Botnahytta ovanfor Rolvsvåg. Foto: Ole Vidar Søviknes

300 gjekk til Botnahytta2019-12-04T20:50:48+01:00

Kan verta like stort som Ikea i Åsane

2019-12-03T12:30:53+01:00

Kan verta like stort som Ikea i Åsane Tysdag sa eit samrøystes naturutval ja til reguleringsplanen for det planlagte datasenteret i Børdalen. Gjer også kommunestyret positivt vedtak, har utbyggjaren lov til å etablera ein bygningsmasse på inntil 38.000 kvadratmeter i området mellom Høysetevegen og Fv49. Skisse: Arq6 og Saltpixel

Kan verta like stort som Ikea i Åsane2019-12-03T12:30:53+01:00

Arbeider for å berga museet på Frøland

2019-12-03T12:30:37+01:00

Arbeider for å berga museet på Frøland Antons kulturhistoriske senter vert truleg lagt ned dersom eigaren ikkje finn ein kjøpar som kan driva vidare. No har Samnanger historielag engasjert seg i saka, og vil prøva å skipa ei stifting som kan overta. – Skal me lukkast, treng me solid støtte frå både næringslivet, private og det offentlege. – Dette er det einaste museet Samnanger har. Det som er bygt opp her er så viktig at me må prøva å berga det, seier leiar i historielaget, Solvor Aadland.

Arbeider for å berga museet på Frøland2019-12-03T12:30:37+01:00

Kontakt oss

Reistadliane 22, 5652 ÅRLAND

Phone: 56 58 77 05

Web: www.samningen.no