About Hallvard Tysse

This author has not yet filled in any details.
So far Hallvard Tysse has created 69 blog entries.

Fryktar ikkje at smitten skal koma ut av kontroll

2020-11-11T14:11:19+01:00

Your Content Goes Here Publisert 12.11.2020 kl. 05.00 Hittil er to personar i Samnanger registrerte med koronasmitte. Mange samningar har også vore i karantene som følgje av covid-19-utbrot i Bergen. Kommuneoverlegen er likevel ikkje redd for noko stor og ukontrollerbar smittebølgje.

Fryktar ikkje at smitten skal koma ut av kontroll2020-11-11T14:11:19+01:00

I Samnanger kan det vera ti personar på private samankomstar

2020-11-07T20:40:21+01:00

Your Content Goes Here Publisert 07.11.2020 kl. 18.20 Kommunestyret har laurdag ettermiddag vedteke ei smittevernforskrift som tillet at det kan vera inntil ti personar på private samankomstar, ikkje fem som i Bergen. AV HALLVARD TYSSE På grunn av den aukande korona-smitten har alle nabokommunane til Bergen innført den same forskrifta som byrådet vedtok fredag. Men rådmannen i Samnanger ville ikkje forby meir enn fem personar i private heimar, slik Bergen har gjort. – Det er eit frykteleg sterkt inngrep å seia at det ikkje er lov å vera meir enn fem personar heime hos nokon. Folk har rett til [...]

I Samnanger kan det vera ti personar på private samankomstar2020-11-07T20:40:21+01:00

Strenge smittevernreglar fører til ny avlysing av kyrkjejubileet

2020-11-07T13:03:24+01:00

Your Content Goes Here Publisert 06.11.2020 kl. 16.20 Sist endra 07.11.2020 kl. 13.00 Dei nye koronatiltaka som Bergen og omlandskommunane gjennomfører frå laurdag 7. november, inneber at den planlagde 25-årsmarkeringa i Haga kyrkje må avlysast – igjen. Også i vår måtte kyrkjekontoret avlysa grunna smittefrykt. I ei melding som kyrkjeverje Britt Haukanes sende ut fredag ettermiddag skriv ho: «Me må diverre avlysa jubileet vårt også denne gongen. Sidan Samnanger har dei same koronatiltaka som Bergen kommune, har me berre lov å vera 20 stk. i offentlege forsamlingar. Då vert det ikkje plass til alle dei inviterte ein gong! Det [...]

Strenge smittevernreglar fører til ny avlysing av kyrkjejubileet2020-11-07T13:03:24+01:00

Vil tilby elevane varm skulelunsj

2020-11-04T14:59:05+01:00

Your Content Goes Here Publisert 05.11.2020 kl. 06.00 Rådmann Ingebjørg Vamråk vil ikkje berre kutta i skulebudsjettet. Ho ønskjer også gje noko tilbake. Eit prøveprosjekt med varm skulelunsj både på barneskulen og ungdomsskulen ligg inne i budsjettforslaget som skal opp i formannskapet 12. november.

Vil tilby elevane varm skulelunsj2020-11-04T14:59:05+01:00

No er det avgjort kvar dagsturhytta skal plasserast

2020-10-29T13:15:04+01:00

Your Content Goes Here Publisert 29.10.2020 kl. 13.10 Med stort fleirtal vedtok kommunestyret i går at dagsturhytta skal byggjast ved Kvernesvatnet. Men det vert ikkje løyvd pengar til å utbetra Prestavegen. AV HALLVARD TYSSE Då saka var oppe 16. september, vedtok politikarane å opna for nye plasseringsalternativ. Til møtet denne veka var det kome forslag frå seks innsendarar. I tillegg til Kvernesvatnet og Totræna, som låg inne frå før, kom dei med ti ulike framlegg til tomteval: Kommunal leikeplass i Bjørkhaugen Åsen Skinstø Nær skytebana på Tysse Fossåsen Ved Smådalsvatnet I nærleiken av Fitjavatnet I nærleiken av Fossen Bratte [...]

No er det avgjort kvar dagsturhytta skal plasserast2020-10-29T13:15:04+01:00

Her er dei nye smittevernråda for Samnanger

2020-10-29T11:10:14+01:00

Your Content Goes Here Publisert 29.10.2020 kl. 10.56 Bergen har innført eigne korona-tiltak for å handtere smitteutbrotet i kommunen. Tiltaka gjeld frå 29. oktober til 26. november. Alver, Askøy, Bjørnafjorden, Osterøy, Samnanger, Vaksdal og Øygarden har tett kontakt med Bergen, både gjennom pendling, handel, kulturarrangement og sosiale aktivitetar. For å avgrensa smittespreiing vil kommunane, etter råd frå Folkehelseinstituttet (FHI), tilrå nokre av dei same smitteverntiltaka som Bergen. Desse nye tilrådingane gjeld frå 29. oktober til 26. november 2020. Dei nasjonale smittvernråda gjeld òg.  Dei nye smitteverntiltaka er: - Ikkje fleire enn fem gjestar heime, i tillegg til dei du bur med. [...]

Her er dei nye smittevernråda for Samnanger2020-10-29T11:10:14+01:00

Høgspentkabelen låg ikkje djupt nok

2020-10-28T15:20:25+01:00

Your Content Goes Here Publisert 29.10.2020 kl. 05.00 Straumstansen som ramma det meste av Samnanger for tre veker sidan, skuldast ein høgspentkabel som var lagt for grunt i terrenget. Då fylkeskommunen sette ut brøytestikker i same traseen, gjekk det gale. (Foto: BKK)

Høgspentkabelen låg ikkje djupt nok2020-10-28T15:20:25+01:00

Vil starta bruktbutikk på Bjørkheim før jul

2020-10-21T14:30:47+02:00

Your Content Goes Here Publisert 22.10.2020 kl. 05.00 Som eit ledd i å skapa meir aktivitet på Bjørkheim, ønskjer frivillige å dra i gang bruktbutikk. – Målet i første omgang er å halda ope tre dagar i veka, seier Eva Hellevang, Birte Liøen og Liv Røsseland. Formannskapet rår til at prosjektet får 149.000 kroner i støtte frå det ekstraordinære kommunale næringsfondet.

Vil starta bruktbutikk på Bjørkheim før jul2020-10-21T14:30:47+02:00

-Dette er både farleg og skjemmande

2020-10-14T13:44:47+02:00

Your Content Goes Here Publisert 15.10.2020 kl. 05.00 Like nedanfor ungdomsskulen på Tysse står fleire bygningar til nedfalls tett inntil ein kommunal gangveg. – Her er det rett og slett farleg å gå, meiner nestleiar i naturutvalet, Linda Haug Kollbotn.

-Dette er både farleg og skjemmande2020-10-14T13:44:47+02:00

-Å stengja denne vegen er brot på allemannsretten

2020-10-21T14:19:19+02:00

Your Content Goes Here Publisert 08.10.2020 kl. 05.00 Samnanger kommune meiner at stenginga av tilkomsten til friluftsområdet Sandvikasanden er i strid med reglane i friluftslova. At ein må gå over innmark for å koma til stranda, gjev ikkje grunneigaren rett til å hindra ferdsel på staden, hevdar byggjesaksavdelinga. (Biletet viser grinda som var stengt med hengelås då kommunen var på synfaring i juli).

-Å stengja denne vegen er brot på allemannsretten2020-10-21T14:19:19+02:00

Kontakt oss

Reistadliane 22, 5652 ÅRLAND

Phone: 56 58 77 05

Web: www.samningen.no