About Hallvard Tysse

This author has not yet filled in any details.
So far Hallvard Tysse has created 5 blog entries.

Vil driva for seg sjølv når ho vert pensjonist

2020-01-15T14:24:24+01:00

Your Content Goes Here – Eg har lyst til å arbeida så lenge eg kan. Neste år fyller eg 67, men eg har framleis mykje å gje – og håpar å kunna vera yrkesaktiv i mange år framover, seier Liv Berit Kvernes Befring. Ho er ein av dei 22 som registrerte nye føretak i Samnanger fjor. Kven dei andre er, les du i dagens avis.

Vil driva for seg sjølv når ho vert pensjonist2020-01-15T14:24:24+01:00

Er innstilt på at Tysse framleis skal ha butikk

2020-01-08T16:04:17+01:00

Your Content Goes Here Då Tysse Landhandleri stengde dørene nyttårsaftan, gjorde dei det for siste gong i noverande lokale. Styreleiar Ove-Henning Bjørsvik opplyser at butikken planlegg å flytta til eit anna bygg i nærleiken for å spara pengar.  Selskapet har hatt langt mindre omsetnad enn eigarane håpte på då dei starta opp.

Er innstilt på at Tysse framleis skal ha butikk2020-01-08T16:04:17+01:00

BKK planlegg nye store inngrep i Samnanger

2019-12-18T14:47:02+01:00

Your Content Goes Here BKK vurderer å byggja ei ny kraftlinje gjennom det mest brukte turterrenget i Samnanger for å forsyna oljeinstallasjonane i Nordsjøen med straum. – Dei kunne ikkje ha funne ein verre trasé, meiner ordførar Knut Harald Frøland, som har bede selskapet leita etter alternativ.

BKK planlegg nye store inngrep i Samnanger2019-12-18T14:47:02+01:00

Eigedomsskatten vert ikkje redusert likevel

2019-12-11T14:33:15+01:00

Your Content Goes Here Kommunestyret har omgjort formannskapet sitt vedtak om å kutta i eigedomsskatten neste år. Ordføraren meiner fleirtalet i formannskapet ikkje forstod at det å halda fram med same skattesats som i 2019 ville føra til nedgang i kommunen sine inntekter.

Eigedomsskatten vert ikkje redusert likevel2019-12-11T14:33:15+01:00

-Mange fleire bør ta influensavaksine

2019-12-04T20:47:17+01:00

Your Content Goes Here Det nasjonale målet er at 75 prosent av innbyggjarane over 65 år skal ta vaksine mot sesonginfluensa. I Samnanger har ein knapt kome halvvegs. – Dette er altfor lågt, meiner kommuneoverlege Harald Ramm Salbu.

-Mange fleire bør ta influensavaksine2019-12-04T20:47:17+01:00

Kontakt oss

Reistadliane 22, 5652 ÅRLAND

Phone: 56 58 77 05

Web: www.samningen.no