Personvern

Personvernerklæring 

Samningen er oppteken av å ivareta personvernet ditt. I denne personvernerklæringa står det korleis me samlar inn og nyttar informasjon om brukarane våre og korleis me tek omsyn til personvernet.

Vår behandling av personopplysningar skjer innanfor ramma av dei generelle reglane i den norske personopplysningslova, med forskrift, som også tek omsyn til retningslinjer i marknadsføringslova og rekneskapslova.

Det er frivillig å inngå avtale med oss om kjøp av abonnement på papiravisa og e-avisa eller besøkja www.samningen.no . Grunnlaget for Samningen si behandling av personopplysningane dine er såleis basert på ditt samtykke.

Behandlingsansvarleg

Lokalavisa Samningen er hovudansvarleg for behandling av personopplysningane.

Formålet

Samningen nyttar personopplysningar for å administrera kundeforholdet ditt, gjennomføra betaling, svara på spørsmål frå deg, gjera deg merksam på endringar og liknande. Personopplysningar kan også nyttast til å gje relevant informasjon om dei tenestene me leverer, samt å marknadsføra, tilpassa og forbetra tenestene våre. Me kan også senda deg nyheitsbrev.

Personopplysningar som vert lagra

Når du vert abonnent eller registrerer deg som brukar hos oss, må du oppgje ein del data som me lagrar. Desse opplysningane vert lagra i vår database for å sikra leveranse av den tenesta du har bestilt, samt å forbetra tenestene våre og førebyggja svindel. Me vil også lagra opplysningar i ein periode når du kontaktar oss på epost eller gjev tilbakemeldingar gjennom funksjonar i tenestene, slik at me kan svara deg.

Opplysningane som vert lagra er fullt namn, bustadadresse, e-postadresse og telefonnummer. Det omfattar også betalingsinformasjon, korrespondanse, svar på eventuelle brukerundersøkingar, informasjon om programvare og maskinvare du nyttar og bruken din av våre tenester, herunder IP-adresse.

Deling av informasjon

Lokalavisa Samningen kan ikkje dela, selja eller på annan måte utlevera personopplysningar om deg på annan måte enn det som går fram av denne personvernerklæringa utan å ha innhenta samtykke frå deg. Dersom det skulle vera mistanke om at det er utført lovbrot i samband med bruk av Samningen sine tenester, vil informasjon kunna utleverast til offentlege styresmakter på førespurnad.

Logging av data, bruk av informasjonskapslar

Samningen kan nytta informasjonskapslar (cookies) og annan teknologi som loggar opplysningar om bruk av tenesta og www.samningen.no for å analysera brukarmønster. Du kan hindra at informasjonskapslar vert lagra på datamaskina di ved å endra innstillinga i nettleserane du nyttar. Dette kan påverka funksjonaliteten og kvaliteten på nettstaden og tenestene.

Samningen kan bruka tredjeparts tenester som gjev detaljerte analysar av brukarmønster, administrerer tilgangskontroll og anna. Døme på slike tredjeparts tenester er:

  • Google Analytics – analyse av digital trafikk

Arkivering og sletting av personopplysningar

Personopplysningar vil ikkje verta lagra lenger enn det som er naudsynt for å oppfylla formålet. Som brukar kan du kva tid som helst be oss om å sletta opplysningane som er knytte til deg, med mindre det er lovpålagt å lagra opplysningane ei viss tid.

Etter personvernopplysningslova sine reglar har du rett til innsyn i eigne personopplysningar. Dersom opplysningane om deg er feil, kan du krevja å få dei retta, supplert eller sletta. Enkelte opplysningar kan du sjølv korrigera ved å gå inn på «Min Konto» på nettstaden. For å sikra at personopplysningar vert utleverte til rett person, kan leverandøren be om at innsynskrav skjer skriftleg eller at identiteten vert stadfesta på annan måte.

Kontaktinformasjon

Gjeldande personvernerklæring vil vera tilgjengelig på www.samningen.no. Me vil frå tid til anna kunna oppdatera erklæringa.

Har du spørsmål om personvernerklæringa, kontakt oss på epost: post@samningen.no