Tid for gjerdeplikt – og klassisk musikk

johs-nc3a6r-nett

Offisielt har han hatt sin siste dag på kulturkontoret til Samnanger kommune, men har visst ikkje gjort seg heilt ferdig enno. Og sidan han høyrer til dei som alltid har sett litt stort på skiljet mellom arbeid og fritid, tolest det godt med nokre dagar innom jobb etter at ein offisielt har slutta.

Eigentleg skulle han berre hjelpa til etter at Ivar Bård Aadland hadde slutta som kultursekretær, som det heitte den gong, sumaren 1981. Det var snakk om mellombels tilsetjing i 1/3 stilling.

For Johannes passa det fint med ein slik liten stilling den gong. Han var i ferd med å byggja ny driftsbygning på garden for å satsa på mjølkeproduksjon. Dette var på den tida optimismen rådde i det vestlandske jordbruket.

Det var ikkje noko kontorvand person kommunen mellombels tilsette for 29 år sidan. Ikkje kunne han skriva på maskin heller. Og skrivemaskina mangla rettetast. Dermed vart det mange påbegynte – og avslørande - ark som hamna i bosskorga.

- Eg måtte tøma bosskorga sjølv, i skjul, ler Johannes.

Resten av intervjuet kan du lesa i papirutgåva av Samningen.


Skriv ein kommentar