Takka nei til drosjeløyva

Bjørn Monsen seier til Samningen at det er fleire grunnar til at han har bestemt seg for å takka nei til løyva. Det å halda tre bilar og usikkerheit når det gjeld å skaffa sjåførar er to av grunnane. Etter å ha diskuterte det med familien er han også kome til at han har det betre som han har det. Difor har han bestemt seg for ikkje å ta mot løyva.

Då Samningen snakka med samferdselskontoret på tysdag hadde dei ikkje fått Bjørn Monsen sitt nei til løyva skrifteleg, noko dei må ha før dei kan gjera nytt vedtak. Men det vanlege i slike situasjonar er at dei går vidare på lista. Så dersom dei finn alle formalitetar i orden, er det all grunn til å rekna med at Trond Haga no vil få tilbod om dei ledige løyva i Samnanger.


Skriv ein kommentar