600.000 i tilskot
Hordaland har fått tildelt 1,2 millionar til prosjekt som skal gjera det meir attraktivt å busetja seg i distriktskommunar. Etter å ha vurdert dei ulike søknadane frå kommunane må fylket ha stor tru på Samnanger sine prosjekt, sidan dei har gjeve halve summen til vår kommune.
Tone Tysseland Holmefjord i kommunen fortel at det er Livoglyst-programmet som har søkt om midlar til ulike prosjekt. Prosjekta som no får ekstra hjelp av desse pengane er mellom anna matutsalet på Bjørkheim, som er under oppføring og som etter planen skal stå klart i august. Når ein no har fått tildelt midlar frå staten ser Tone føre seg at ein kan gjera litt meir ut av matutsalet, for eksempel når det gjeld marknadsføring.
Det er også søkt til å laga gangsti rundt Nordvikavatnet. Her har tre av dei ti grunneigarane sagt nei til sti, men Tone reknar med at ein likevel kan få gjennomført delar av prosjektet.
Det tredje prosjektet som har fått tildelt midlar er ei ”kulturløype” på Reistad og i Nordvika, der folk kan få oppleva kulturminne på strekninga Grendahuset – Nordvika. I tillegg var også ungdomskonsertar, det å få til konsertar laga av ungdom, for ungdom, ein del av søknaden. Eit prosjekt om innvandrarar og mat var også med. Her ser Tone føre seg at ein for eksempel kan få til eit matkurs der lokale innvandrarar kan halda kurs om sine matrettar for samningar med norsk bakgrunn.
I tillegg til 600.000 kroner i Bylyst-midlar, har Samnanger også fått 175.000 kroner i ”ekstra-midlar”. Desse midlane skal gå til kunst- og kunstinstallasjonar, til matutsalet på Bjørkheim og til eit prosjekt om utegangarsau.
Skriv ein kommentar