Tilbake til Eikedalen – 23 år etter

Kristina Sole (t.v.) og Svanhild Eikedal
Ein ting var at det var ein uvanleg moden og reflektert 17-åring underteikna journalist møtte i 1987. Men det som verkeleg forbløffa ein den gong, var at me kunna snakka med henne på norsk.
17-åringen var med på eit utvekslingsprogram og fekk tildelt Noreg som sitt land. For henne var Noreg berre eit ord ho knytte til Skandinavia, ho visste absolutt ingen ting om landet vårt før ho kom den gong, og kunne sjølvsagt heller ikkje norsk. At ho heiter Kristina har ingen ting med Noreg å gjera, men med Litauen – mor hennar er der frå. Men etter to månader hos familien Svanhild Eikedal, kunne me altså intervjua henne på norsk – på samningadialekt til og med.
I intervjuet den gong fortalde ho om kor kjekt det hadde vore i Eikedalen. Ho fortalde også at ho hadde lært seg å lika poteter, som ho ikkje var van med å eta heime i Los Angeles. Og ho slo fast at ”rømmegraut er veldig, veldig god”. Ho snakka også om kontrastane mellom storbylivet i Los Angeles og utkantlivet i Eikedalen, ein kontrast som også ungdommane ho møtte her var opptekne av, ikkje minst det med kriminaliteten då:
”Folk har spurt meg om eg nokon gong har sett eit mord. Eg har svara at endå til i Amerika føretrekkjer mordarane at ingen ser dei, elles vert dei tekne”, sa ho den gong.
Kristina kom tilbake til Noreg alt sumaren etter. To år deretter, skuleåret 1990/91, gjekk ho på Skjeberg folkehøgskule. Sidan har ho ikkje vore tilbake til Noreg. Før no.
- Eg har alltid hatt veldig lyst til å reisa tilbake, men har enten mangla tid eller pengar, eller begge deler, seier Kristina Sole. Og ho seier det altså på norsk. Etter 20 år utan seia eit ord på det vanskelege språket vårt, brukte ho berre dagar på å få det på plass igjen, har endå til lært seg mange nye ord knytte til mobiltelefonar og datamaskiner, ord som naturleg nok ikkje var ”oppfunne” sist ho var her.
Kristina fortel at ho studerte medisin etter ho hadde gått på folkehøgskule her, og var ferdig utdanna i 1997. Ho gifta seg også, og fekk to born. Så døydde mannen av kreft. Kristina har også jobba mykje. Å reisa til Noreg har ikkje vore aktuelt desse åra.
I fjor bestemte Kristina seg så for å ta ein pause frå praktiseringa av medisinen, ho er gynekolog, for å undervisa i faget i staden. Og Kristina hadde vel ikkje vore Kristina om ho då ikkje hadde valt endå eit lite og heller ukjent land når ho skulle til med noko heilt nytt. Kristina og borna flytta til Quatar, halvøylandet som grensar til Saudi-Arabia. Det vesle ørkenlandet er så ulikt Noreg som det kan verta, ekstremt tørt og varmt som det er. Her skal Kristina og gutane bu i tre år – i alle fall.
Men no har Kristina endeleg også fått både tid og råd til å gjera det ho i alle år har visst at ho ville, å besøkja Noreg og sin eikedalske familie igjen. Sidan ho rundar 40 i år, syns ho det kunne vera ein fin gebursdagspresang til seg sjølv.
Sist ho var her i landet hadde ho veldig lyst til å få oppleva Lofoten. Det fekk ho då også, nesten. Den våren ho var ferdig på folkehøgskulen tok ho toget nordover til Bodø, men vart sjuk. Likevel gav ho ikkje opp og tok hurtigruta vidare. Men ho vart etter kvart så sjuk at det vart fly sørover igjen, utan å ha sett Lofoten.
No i sumar gjekk det betre. Ho og gutane kom seg til Lofoten. Ikkje vart dei sjuke heller. Men sol vart det lite av, korkje om dagen eller natta. Men alle tre syns det var kjekt. Dei budde i rorbu og fekk oppleva både fiske og skikkeleg regn. Og så fekk dei reisa på tog med sovekupe, stor stas berre det.
Ein fordel med at Kristina hamna i akkurat Eikedalen den gongen for 23 år sidan er at eikedalingane held saman til ”the bitter end”, og at dei er spreidde rundt om alle stader. Det har Kristina hatt glede og nytte av når ho og gutane har reist litt rundt i landet no. I Trondheim besøkte dei Sigmund Kvernes, i Lommedalen utanfor Oslo var dei hos Janniche Emblem Totland. Sjølv synest ho det er løye at dei hugsar henne etter alle desse åra. Det synest ikkje me.
Dei siste dagane på Noregsturen var Kristina tilbake i Eikedalen. Då fekk ho endeleg eta rømmegraut igjen, noko også gutane hennar likte. Og så fekk ho smaka kvalbiff.
Når me spør om ho synest Eikedalen har forandra seg mykje sidan ho var her første gongen svarar ho, som venta, at det er langt fleire hytter no – og også nokre nye hus.
- Men fjella, vatnet og elva er som før, smiler ho. Endå til ein bestemt stein i elva ligg der som før, hadde ho funne då dei var og fiska tidlegare på dagen. Då ho var i Eikedalen første gong var ho også og fiska, saman med Roy Ove. Då hadde det regna og ho gleid på ein stein og datt uti. Ho kjende straks syndaren, altså steinen, att når ho no kom tilbake.
Når me spør om ting i landet elles som har forandra seg på desse 20 åra, nemner ho butikkane, at det no er kome mange slags varer som ikkje var der den gong, ”unorske” frukter og grønsaker for eksempel.
- Og så er hesjane borte, seier ho. Og me innser med skrekk og gru at ho har rett. For 20-30 år sidan var det hesjar over alt i Samnanger. I dag er det nok knapt ei hes å sjå.
Og så har fjernsynet forandra seg. I 1987 var det berre ein kanal, NRK, og den hadde til og med nokså avgrensa sendetid. Kristina hugsar godt dette at fjernsynet først begynte å senda seint om ettermiddagane og at dei sa god natt etter Kveldsnytt. For ein amerikansk ungdom må det ha vore nokså eksotisk. No har me det som kjent nett som i Amerika på det feltet, i alle fall nesten.
Kristina er ikkje vorte mindre begeistra for landet vårt etter besøket no i sumar. Eigentleg kunne ho tenkt seg å flytta hit, men innser at det vert vanskeleg, sidan utdanninga hennar ikkje utan vidare vert godkjent til bruk her i landet. Men tilbake på besøk kjem ho, det er sikkert. Familien har snakka om at dei gjerne vil koma hit om vinteren neste gong. Gutane hennar har aldri gått på ski og har lyst til å prøva det. Og det får dei i alle fall ikkje prøvt i Quatar.
Skriv ein kommentar