Får likevel skuleskyss

Både Utvalet for oppvekst og omsorg (OO), som er såkalla styringsgruppe i denne saka, og Personal- og økonomiutvalet (formannskapet) hadde drøftingar og telefonmøte om denne saka måndag. OO peika på at det at risikovurderinga frå Statens vegvesen når det gjeld Haukanesvegen enno ikkje er komen og at eit vanleg møte i utvalet ikkje kan haldast før tett opp under skulestart, noko som vil vera uheldig med tanke på “at elevane frå tidlegare Nordbygda skule skal ha ein trygg sommar og ein god oppstart på eit nytt skuleår i ein ny skule”, som det heiter i uttalen deira.

På grunnlag av dette bad ordførar Marit A. Aase, varaordførar Brigt Olav Gåsdal og leiar for OO, Kristian Jørgensen, Utvalet for oppvekst og omsorg som styringsgruppe vurdera å gje tilbod om gratis skuleskyss som ei overgangsordning for neste skuleår. Og slik vart det.

Deretter brukte PØ hasteparagrafen til å løyva inntil 50.000 ekstra til skuleskyss for hausthalvåret.

Meir i papirutgåva på torsdag.


Skriv ein kommentar