Vemodig farvel til ein god skule

nordbygda-nett

114 år etter at elevane tusla inn i Nordbygda sitt første skulehus for aller første gong, tusla dei siste elevane ut tysdag.

Ein litt spesiell dag var det, sjølv om elevane nok var aller mest opptekne av at sumarferien begynte og gledde seg over det. Somme ville likevel også fortelja oss kor glade dei er i skulen dei no må forlata.

Men kanskje var dagen aller mest spesiell for ein del av lærarane på skulen. Nokre av dei har vore der ”i alle år”.

Anlaug Røen Hauge begynte å skula på Nordbygda skule i 1969, to år etter at skulen var bygt. Rett nok delte ho arbeidstida si mellom skulen i Nordbygda og ungdomsskulen på Tysse ein del av dei første åra, og har også arbeidd med vaksenopplæring ein periode, men Nordbygda skule har vore hennar skule i over førti år. No har Anlaug valt å verta pensjonist.

Sigbjørn Øyjordsbakken begynte på Nordbygda i 1974 og har vore her sidan. Han flyttar med elevane til Gjerde og Samnanger barneskule.

Elin Rognø kom til Nordbygda frå stillinga som skulesjef i Solund i 1993, første åra som rektor, sidan som lærar. Ho har også valt å pensjonera seg no.

Anlaug har vore så lenge på skulen at ho også fekk med seg den tida det var skule seks dagar i veka, då elevane gjekk anna kvar dag, men altså om laurdagane også, ei ordning det vart slutt på i 1974.

Når me spør om kva som har forandra seg med skulen gjennom desse åra, kjem hjartesukka om stadig nye planar og reformer frå staten si side. Ikkje alt har vore like bra, forstår me, langt derifrå. Men tidstjuvar har dei vore, alle planane, med kursing og greier.

- Nett no ser det ut til at det som vart sett på som forkasteleg på 70- og 80-talet er på veg tilbake igjen, seier Anlaug.

Ei utvikling i skulen ingen av dei tre er glade for, er at skulen er vorte meir og meir teoretisk. Dei praktiske faga har måtta vika. For mange elevar er det eit stort tap.

- Tenk på den gong me hadde valfag, seier Sigbjørn og fortel om elevar som kjem bort og seier ”eg hugsar eg hadde deg i valfag”. Det er gjerne det dei hugsar best. For her dreiv dei med praktiske ting, besøkte gardsbruk, lærte om hest og bygde kaninbur – for eksempel.

Les resten av intervjuet - og meir om Nordbygda skule - i papirutgåva!


Skriv ein kommentar