Skuleveg-saka utsett til etter ferien
Fleire politikarar ønskte å få diskutera det foreldra i Nordbygda meiner er ein lang og farleg skuleveg langs Haukanesvegen då kommunestyret hadde møte sist veke. Men ordførar Marit A. Aase viste til reglar og fristar då ho motsette seg ein slik debatt. Ordføraren viste også til at kommunestyret tidlegare har gjeve Utvalet for oppvekst og omsorg ansvaret for denne saka, og at det difor måtte vera naturleg å senda saka til dei.
Olaug Øystese sa ho reagerte sterkt på at saka vart avvist i kommunestyret, men måtte sjølvsagt godta det.
Samningen snakka med leiaren i OO tysdag kveld. Han kunne då fortelja at det har vist seg uråd å få til eit møte no før ferien. Men han lovar at utvalet skal verta kalla inn til møte om saka før skulestart i august.
Skriv ein kommentar