To søknadar til drosjeløyva

Då fristen for å søkja gjekk ut var det som kjent ikkje kome inn ein einaste søknad. No ser det litt lysare ut. To personar har vore i kontakt med samferdselskontoret i fylket om løyva. Den eine, ein som etter det Samningen forstår ikkje bur her i Samnanger, har alt levert inn søknad, medan den andre, som bur her i bygda, har fått frist på seg ut denne veka til å koma med søknad.

Straks over helga vil samferdselskontoret vurdera søknadane, ein skal oppfylla visse krav for å få eit drosjeløyve.


Skriv ein kommentar