Hordalands beste helsearbeidar

heimehjelparen-lite

Chompoonuch Santong flytta til Noreg i 2005. Ho busette seg i Samnanger (hjå si norskgifte mor Phayom Nilsen), og gjekk ut ungdomsskulen på Tysse. Deretter bar det rett til Bergen og helsefag på Fyllingsdalen vidaregåande skule.

Etter to år på skulebenken er Chompoonuch no blitt lærling ved eit bufellesskap for utviklingshemma. Ho går i full stilling, tek sine helgevakter i turnus som dei andre tilsette, men har i tillegg skaffa seg ein liten ekstrajobb på ein restaurant.

For dei fleste ungdommar ville dette vore travelt nok. Men lærlingen finn også tid til kjærasten Lars Erik frå Lindås og til kveldsstudiar. I regi av AOF tek Chompoonuch mellom anna matematikk, norsk og samfunnsfag tre kveldar i veka; alt for å kvalifisera seg til å koma inn på sjukepleiar-studiet.

– Og for å bli betre i å snakka norsk, seier Chompoonuch- på eit allreie godt norsk …

- Ja, men det er viktig å snakka tydeleg, understrekar ho. –Det er viktig at eg forstår dei eg skal hjelpa og dei eg skal arbeida saman med. Også difor er konkurransen bra for meg, eg deltok saman med ei frå Askøy og me kjente kvarandre veldig lite frå før. Men det gjekk jo bra, seier 19-åringen på sitt stillfarne vis.

For det er nett slik konkurransen er tenkt å fungera: som ein motivator for dei som tek yrkesfag generelt – og for dei som tek helsefag spesielt. Dei siste åra har det nemleg vore vanskeleg å rekruttera ungdommar til helsefagarbeid. ”Aksjon Helsefagarbeider”, eit samarbeid mellom det offentlege og Fellesforbundet, har difor jobba mykje med å gjera desse studia attraktive. Konkurransen i helsefagarbeid er ein del av det. Chompoonuch vart oppmoda av veiledaren sin til å delta, både fordi han syntes ho var dyktig, og for gje henne ein forsmak på kva utfordringar fagprøva kjem til å by på.

Konkurransen i helsefagarbeid liknar nemleg mykje på den prøva lærlingane sidan må gjennom for å få fagbrev. Forskjellen er at under Fylkesmeisterkapen går ”fagprøva” føre seg på ein scene! Det heile startar med at lærling-laga vert presenterte for eit scenario. Deretter spelar dei seg gjennom situasjonen, medan jury og tilskodarar sit i salen og ser på.

Den utfordringa tok to-kvinners laget til Chompoonuch på strak arm! Etter ein dryg halvtime heime hjå ”ei mor med kols og ein son med diabetes”, hadde Chompoonuch (som er tilsett i Bergen kommune og difor representerte dei) og lagvenninna Hege Gustafson (Askøy) overtydd alle. Dei hadde vist at dei var i stand til å planlegga arbeidet sitt, gjennomføra det godt, og dei hadde svara juryen overtydande på spørsmåla om eigen innsats i etterkant.

Med Fylkesmeisterskapstittelen i lomma kan Chompoonuch no sjå fram til hausten og NM i yrkesfag. Det skal gå føre seg på Lillehammer i oktober. I helsefag-arbeider- konkurransen stiller det deltakarar frå mest alle landet sine fylker. Likevel er det grunn til å tru at laget frå Hordaland skal klara å hevda seg, i alle fall om ein skal døma etter innsatsen i Fylkesmeisterskapen og den rolege, fokuserte energien som driv Chompoonuch Santong fram mot fagbrev og deretter sjukepleiar-draumen.