Drøymer om godshamn i Samnanger
Avisa Bygdanytt, lokalavisa for Arna og Osterøy, hadde tysdag eit stort oppslag der Arild Solberg frå Osterøy går sterkt inn for det, som etter hans syn, er den sjølvsagde plasseringa av ein ny godshamn for Bergensområdet, nemleg Samnanger.
Arild Solberg vil ha tunell for både tog og bil under Gullfjellet til Samnanger og Rolvsvågområdet. Han vil også ha tunell andre vegen, i retning Nesttun og Kokstad. På den måten vil ein sleppa å transportera gods som skal nordom og vestom Bergen gjennom byen.
Fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg seier til Bygdanytt at innspelet kjem i seinaste laget, men at ho ikkje vil forkasta det. Ho har likevel rådd han til å ta kontakt med ordførarane i Samnanger og Os, for å få meir politisk tyngde bak framlegget.
Ordførar Marit A. Aase minner om at kommunestyret i Samnanger diskuterte denne saka for ei tid tilbake. Tilhengarane av godshamn i Samnanger argumenterte med betre vegar og arbeidsplassar, medan motstandarane argumenterte med endringar i kulturlandskap, forureining og støy. Og fleirtalet gjekk altså mot. Ordføraren legg likevel til at om det kjem fram noko nytt her, er det sjølvsagt ikkje noko i vegen for å leggja saka fram att for politikarane.
Slik saka om godshamn i Bergensområdet står i dag, er Flesland det mest aktuelle alternativet.
Skriv ein kommentar