Trailersjåføren kjørte berre vidare

svein-dalane

Litt før klokka seks om morgonen sist onsdag var Svein Dalane, som bur på Reistad, på veg til arbeid. I Storkleivsvingen, den øvste svingen i Ådlandslia, møtte han ein trailer. Og så skjedde alt veldig fort.

Traileren fekk sleng på hengaren. Plutseleg sat Svein Dalane full av glasbrot. Traileren hadde teke heile sida på bilen. Stolpane mellom bilrutene var klipt av. Hengaren må ha vore berre nokre få centimeter frå å treffa Svein også.

Og traileren kjørte berre vidare.

Ein sjokkert og sint Svein Dalane ringde straks til politiet. Sidan det var tidleg på morgonen kom han naturleg nok ikkje til lensmannskontoret her, men til den som hadde vakt i Bergen. Svein opplyste at traileren hadde kjørt vidare i retning Norheimsund.

- Det er ikkje mange trailerar som kjører den vegen så tidleg på morgonen, så eg rekna med at dei lokale lensmannsfolka ville rykkja ut og stoppa han. Det skulle ikkje vera så veldig vanskeleg. Men då eg ringde lensmannskontoret eit par timar seinare, hadde dei ikkje ein gong fått melding om det som hadde skjedd, seier ein frustrert Svein Dalane.

Andor Helgheim ved Kvam og Samnanger lensmannskontor seier til Samningen at ein ettertid kan seia at her hadde det vore greitt om dei straks hadde fått beskjed om hendinga. Men dei som mottok meldinga i Bergen vurderte nok det heile ut frå at det ikkje var personskade, og at det difor ikkje var alvorleg nok til å rykkja ut.

- Men å stikka av frå ei trafikkulukke må vel seiast å vera alvorleg?

- No kan det sjølvsagt tenkjast at trailersjåføren ikkje merka kva som skjedde, seier Andor Helgheim, som understrekar at dei ikkje har gjeve opp å finna trailersjåføren, sjølv om det er vanskeleg i ettertid.


Skriv ein kommentar