Bosstømarane slit

Dei dagane det snøar mykje slit dei med å ta seg fram. Når snøen så er brøyta ligg det mange stader att både høge og kompakte brøytekantar. Når folk så set boss-dunkane sine til tøming bak desse, seier det seg sjølv at det er uråd for mannskapa å dra alle dunkane over kantane. Bosset vert ståande att.

Andre stader er folk flinke til å dra spanna framfor brøytekantane og gjerne også setja dei slik til at det skal bli lettast mogleg for renovatørane frå BIR å gjera jobben sin. Men, det hjelper lite å tenkja, når tankelause bilistar parkerer rett framfor spanna. Det var til dømes tilfelle på Gjerde skule denne veka. Det er vinterferie og mange ledige parkeringsplassar i området.. Likevel hadde eit par bilistar klart å plassera bilane sine tett opptil bossdunkane - som på si side var sette ut på korrekt vis. Når slikt skjer vert det særs vanskeleg for BIR-mannskapet å få gjort det dei skal. BIR oppmodar difor folk til å ta omsyn og tenkja seg om både når dei plasserar ut bossdunkane sine - og ikkje minst når dei parkerer.


Skriv ein kommentar