Alt skal vera klart til hausten

Hilde-Lill Våge fortel om ein prosess med fleire grupper og mange involverte for å få skulesamanslåinga på plass til i august. Mykje skal på plass, mange store og små problem skal løysast. I løpet av våren skal det vera mange felles aktivitetar for elevane og dei tilsette.

Problemet med at elevtalet på Gjerdeskulen nesten vert dobla frå hausten skal altså løysast ved hjelp av modular, bygningar som kan flyttast. Kommunen har enno ikkje teke stilling til om dei skal leiga modular eller kjøpa dei (og så selja dei igjen når skulen er ferdig utbygd om eit par år).

Plasseringa er heller ikkje endeleg bestemt. Det står mellom to alternativ. Anten skal dei plasserast på plassen mot barnehagen, altså bak gymnastikkbygget mot parkeringsplassen, eller så vert dei plasserte på plassen utanfor ”kjellarinngangen” til gymsalen, altså på andre sida av bygget. Kostnad og praktiske omsyn vil avgjerda her, men me forstår på Hilde-Lill Våge at det siste alternativet moglegvis er mest aktuelt.

Hilde-Lill Våge slær fast at klassane skal blandast, det vart altså ikkje ”Gjerde-klassar” og ”Nordbygda-klassar”. Modulane går inn som fire klasserom til liks med dei som alt er der. Modulane er elles fullgode klasserom etter alle lover og forskrifter.

Sidan det ikkje er bestemt kva slags modulløysing ein skal satsa på, er kostnaden naturleg nok heller ikkje endeleg klar.

- Men det me sparar på straum, reinhald og vaktmeister på Nordbygda skule skal finansiera modulane, seier Hilde-Lill Våge.

Det er på løn ein verkeleg skal spara pengar. Kommunen har rekna seg fram til at det vil vera om lag 2,5 millionar kroner - i året - billegare å driva ein stor barneskule på Gjerde samanlikna med å driva to barneskular som i dag.

- Men ingen skal seiast opp, slær Hilde-Lill Våge fast. Vikarane sin lagnad vert avgjort om nokre veker.

Prosessen med samanslåing av skulane skal halda fram utover vinteren og våren, med alle tenkjelege partar involvert. Alt neste veke skal kommunen ha møte med Vegvesenet med tanke på trafikksikring og trygg skuleveg.

Mellom dei kanskje ikkje aller største problema er kva den nye skulen skal heita.

- Her har me tenkt å utfordra politikarane. Kanskje avgjer dei det sjølv, eller kanskje vert det namnekonkurranse, seier Hilde-Lill Våge.


Skriv ein kommentar