Hjelp hjorten!

Dette fører til at det som finst av tilgjengeleg av mat innafor areal med mykje hjort vert beita ned. Viltnemda oppmodar difor grunneigarar som kjenner til område der det står hjort, om å hjelpa han med å skaffa mat. Dette kan gjerast på fleire måtar. Dersom ein har høy eller silo til overs kan dette nyttast, men det inneber ein stor risiko for at hjorten lærer seg til å ta rundballar. Høy kan også vera ugunstig dersom tilgongen til vatn er eit problem. Det beste er difor å finna fram motorsaga og hogga ned nokre tre med jamne mellomrom. Hjorten er særleg glad i bark og knuppar frå treslag som osp, selje, alm, ask og furu.

Kommunen vil elles gjerne følgja med korleis den harde vinteren påverkar hjortebestanden. Dei fører statistikk over all avgang dei får kjennskap til. Ta difor kontakt med landbrukskontoret ved funn av daud hjort.


Skriv ein kommentar