Samling på Gjerde frå hausten

Til slutt i kommunestyremøtet vart det i dag teke opp om saka om barneskulen i Samnanger skal opp på nytt. Dei fleste rekna med at dei som utgjorde fleirtalet i hallsaka og bestemte at ungdomsskulen framleis skal vera på Tysse (og hadde nei til modular som ein del av sitt opprinnelege framlegg) også ville syta for fleirtal til å ta saka om barneskulen opp att. Men slik gjekk det ikkje. Bjørn Sævild frå Bygdalista og Tyra Pedersen frå Framstegspartiet skilde lag med dei andre. Dermed vart det fleirtal for at saka ikkje skal opp att. Dermed er det endeleg klart at alle barneskuleelevar i Samnanger skal samlast på Gjerde frå hausten.


6 lesarkommentarar til “Samling på Gjerde frå hausten”

  1. Erene Solsvik Bruvik skriv:

    Dette var leitt! Eg hadde håpa på at det skulle bli fleirtal for å ta saka opp att! Synd at Sævild frå Bygdalista og T. Pedersen frå FrP skilde lag. Veldig synd. Eg lyt bøya meg for vedtaket, men eg synest det er trist og svært uheldig.

  2. magne nilsen skriv:

    Eg reknar med at det nå i morgen 19 februar, blir heist flagg på halv stong på Nordbygda-skulen. Slik at alle politikarane som stemte mot sitt valgprogram fra sist valgkamp, får en “oppmuntring” når dei passere Nordbygda.
    Og pass på å ikke flytte Stolpane skulen og minikraftverket, før en flerbrukshall, nytt kommunehus, utviding av sjukeheimen, tunneler og andre ønsker er plasert på rett plass. Det kan jo hende da at Stolpane skulehuset blir plasesrt feil igjen
    Lenge leve langsiktigheta hos våre hobbypolitikare!

  3. Knut Inge Røen skriv:

    Det er ufatteleg at ordføraren - og dei som røysta med henne - ikkje greip det alt gjorte vedtaket om å ikkje flytta ungdomsskulen som ein sjanse til å opna for ei meir smertefri flytting av Nordbygda-elevane til Gjerde. Det hadde nok roa ned sinna ein del.
    Modul-løysinga er ikkje noko god løysing. Det at det vert så pass mange elevar ved Gjerde skule i anleggstida og det faktum at modular stel ein del av plassen, utgjer sjølvsagt ei ekstra utfordring når det gjeld ungane sin tryggleik. Om ein til ein viss grad gjerder inn sjølve byggeområdet, så vil ein vel i alle fall få ein heil del fårleg anleggstrafikk. Det er tragisk at prestisjen til kommuneadministrasjonen skal vega tyngre enn ungane sin tryggleik. Eg er forundra over at t.d. også Sævild nekta å utsetja flyttinga av elevane frå Nordbygda til etter nybygget på Gjerde står klart.

  4. Torbjørn Storås skriv:

    Ja dette var trist, jeg trodde faktisk vi skulle få flertall for å utsette flytting til Gjerde, forstår bare ikke hvorfor de andre ikke ser at det er mye som skal på plass til høsten 2010, Alt som har med selve bygging, veitilkomst, transport av elevar, veien sikring rundt Haukaneset ( 80 sone i dag, veilys, Høye skrenter +++ ), overganger på Lauskar, Ådland. Dette vil jo de ikke klare å ha klart til skolen starter opp.

    Må også få si at her er det ikke mye som vitner om langsiktig tenking.
    Nå slukker vi fakkelen for denne gang, men om noen år (10år) så er Gjerde skulen gjenn forliten, ungdomskulen er flyttet ut av bygden og vi har kanskje en Flerbrukshall som ligger en plass der verken barneskule + ungdomskule får brukt uten at de må med transport.

    Alt dette skulle vært samlet på en ny tomt i kommunen, da hadde det vært tenkt langsiktig og fornuftig, Økonomisk og trygget oss for en framtidig kommune sammenslåing.
    Sånn som det nå er blitt mener jeg ikke er noe god langsiktig løsnig.

  5. johnny sandvik skriv:

    synest storås har nevnt dei aller fleste bekymringane me ikkje har fått svar på. alt virka ikkje ferdigt utreda endå.

    som ein av dei som har brukt mange timar i ei elv i nordbygda i fjor vår og i fjor haust er stemninga for å fullføra prosjektet heller laber. synest og synd på sponsorane som har stilt opp med matriell og anna ,alt har vært forgjeves, ingen får jo bruka dette i skulesamenheng i framtida..

    ei anna sak som vil komma opp ganske snart vil vera ka skal kommunen no gjera med den gode nordbygda skule som er heil tipp topp, heilt ny oppussa. skal denne stå tom frå hausten?? dette vil føra til eit snarligt forfall på alle måtar. ka med eit musikk og kulturhus? god plass til bibloteket er det, nytt kommunehus?, ja forslaga er mange.

    og det nesta spørsmålet eg har stilt på origo er om navnet på den nye skulen på gjerde, for gjerde skule kan det ikkje heita, da må vera eit felles navn frå hausten av, samnanger barneskule er vel det rette. me har jo samnanger ungdomsskule.

  6. Kjell Reistad skriv:

    Eg syns det er merkeleg at dei politikarane som hevdar å ha kontroll over fakta i saka ikkje nytta høvet til å bruka sunn fornuft. Dersom dei det gjorde, ville dei sytt for at elevane og lærarane ikkje måtte flytta til ein byggeplass og dessutan gjennomføra to flyttingar. Håpar de har hugsa å setja av nok pengar til trafikksikring, gjennomføring av flytteoperasjonen og omorganisering av personalet. Her går det mange ekstra arbeidstimar, - eller kan det henda at lærarane på Nordbygda er så glade for å flytta at dei gjer dugnad?.

Skriv ein kommentar