Ungdomsskulen framleis på Ytre Tysse
Framlegget frå SP, Frp, Høgre og Bygdalista fekk til saman 12 røyster, partia sine eigne representantar, pluss Nils Gåsdal og Odd Lønnebakken frå Arbeidarpartiet. Dei same vedtok også at ein skal vurdera å byggja ein hall i området Bjørkheim - bussgarasjen i Haukaneset. Det betyr at ordføraren sitt framlegg om alt no å bestemma at hallen skal byggjast på Bjørkheim fall. Men det vart sagt i debatten at Vågen ved Bjørkheim framleis er aktuell, men at ein har utvida området til å omfatta eit større område.
Dei fire samarbeidspartia fekk altså ikkje høve til å ta opp den delen av framlegget sitt som går på barneskulen, og at ein vil hoppa over modulløysinga på Gjerde. Men sidan fleirtalet i kommunestyret sjølv kan bestemma å ta opp saker, har dei varsla at dei vil prøva å få til eit fleirtal for det. I slutten av kommunestyretmøtet i dag vert det altså reist ei sak om å få teke opp att barneskuledelen av vedtaket frå før jul. Viss det får fleirtal kjem også den delen av saka opp att, men då som eiga sak i eit seinare møte i kommunestyret.
5 lesarkommentarar til “Ungdomsskulen framleis på Ytre Tysse”
ja, ja, då vert sjølsagt neste spørsmål ka skal me gjera med den nyrehabeliterte nordbygda skule, med nyopparbeida uteskuleområde på dugnad+ minikraftverk. kommunen brukte jo i sommaren 2009 mange hundre tusen på å pussa opp toaletta på skulen. det vil verta lenge til du får nokre av dei foreldra som har lagt ner mange dugnadstima her til å stilla på dugnad igjend for kommunen…………skal stolpane skulehus atter ein gong flyttast???
Eg er svært nøgd med at ungdomsskulen framleis får vera på Tysse! Ein takk til SP, FrP, Høgre og Bygdalista og ikkje minst til Nils Gåsdal og Odd Lønnebakken! Eg er lei meg for at det ikkje vart høve til å ta opp framtida til Nordbygda skule på dette kommunestyremøtet, men vonar at barneskulen kan komma opp som sak i eit sinare kommunestyre! Då vonar eg at Nordbygda skule skal få leva til ei ev. utbygging på Gjerde er klar og at dei slepp mondulløysinga.
godt at 2 av AP sine representantar stemde slik fleirtalet av borgarane ville. Det tydar på nokon trossar “partipisken” og stemmer etter eigen meining. Slikt gjer respekt på sikt.
Johnny Sandvik sin kommentar om dugnadsnekt er forståeleg. På sama måte forventar eg at lærarane i Norbygda no nektar å vera med på noko DUGNAD i samband med flyttinga til modular på Gjerde. Her bør dei som nekta å gjera omatt det urimelege modulplasseringsvedtaket (sjølv om modular no eigentleg er unødvendige sidan lokala til Nordbygda skule vert ståande tome), stå for heile flyttesjauen.
Det er jo heilt ubegripeleg at det skulle vera nødvendig med mondul-løysing så lenge Nordbygda skule står tom! Kor er logikken? Eg trur knapt at mange foreldre som soknar til Gjerde skule er klar over at denne mondul-løysinga også vedrører deira born, ikkje berre borna frå Nordbygda. Eg har høyrt om fleire som vart overraska då dei høyrde det! Etter mi meining har kommunestyrefleirtalet vore heilt fastlåste i denne saka. Logisk tankegang er vanskeleg å oppdaga.
Skriv ein kommentar