Heilomvending i dag?

Eigentleg står ikkje skulesaka på sakslista i det heile i dag. Men det gjer altså hallsaka. Og sidan dei to sakene er knytte saman gjennom vedtaket i skulesaka frå før jul, der det mellom anna heiter at ungdomsskulen skal flyttast til Nordbygda og få ein hall i Bjørkheimsområdet som gymnastikksal, nyttar dei som utgjorde mindretalet før jul høvet til å fremja eit framlegg til vedtak i hallsaka som samstundes inneber eit heilt nytt vedtak i skulesaka. Og det er slett ikkje sikkert dei kjem i mindretal denne gongen.

Etter gruppemøta tidlegare denne veka tyder alt på at Kristeleg Folkeparti sine fem representantar står fast på vedtaket frå før jul om å samla barneskulane på Gjerde frå hausten, flytta ungdomsskulen til Nordbygda og byggja hall i Bjørkheimsområdet.

Då saka var oppe før jul røysta fem av Arbeidarpartiet sine seks representantar for det som til slutt vart vedteke. Odd Lønnebakken røysta mot, noko han etter det me forstår kjem til å gjera denne gongen også. Men då saka var oppe før jul var ikkje Nils Gåsdal til stades. Varamannn Ole Totland røysta med fleiretalet. Det gjer truleg ikkje Nils Gåsdal.

Tidlegare i veka hadde Senterpartiet, Høgre, Framstegspartiet og Bygdalista eit fellesmøte der dei samla seg om eit nytt framlegg til vedtak. Då me i går snakka med Bjørn Sævild frå Bygdalista, som før jul tilhøyrde fleirtalet i lag med KrF og dei fleste i Arbeidarpartiet, sa han at han mest truleg kan støtta det nye framlegget, men at han ikkje var heilt bestemt. Dersom alle frå desse parti røystar på det framlegget, og i tillegg får med seg to frå Arbeidarpartiet, vil framlegget få 12 røyster – og altså fleirtal. Utan Bjørn Sævild vil det nye framlegget også verta vedteke, men då med 11 mot 10 røyster. Men her er det ein god del viss og men som gjer at utfallet slett ikkje er sikkert før klubba fell.

Framlegget frå mindretalspartia er delt i tre:

1. Ungdomsskulen skal framleis vera på Tysse.

2. Gjerde skule skal byggjast ut til å verta barneskule for heile Samnanger. Skulen i Nordbygda skal oppretthaldast til Gjerde er bygt ut og deretter leggjast ned. Ein skal altså ikkje nytta ei modulløysing frå hausten.

3. Kommunen har som mål å byggja hall i Bjørkheimsområdet. Men dei vil utvida området for aktuell plassering i retning Lauvskar. Hallen bør leggjast slik at ein seinare for eksempel kan byggja idrettsbane eller skule attmed.

I kommunestyret føre jul brukte fleire politikarar formuleringar i partiprogramma sine der det heiter at ein vil oppretthalda dagens skular i valperioden som grunn for ikkje å støtta det som vart fleirtalet då. Når dei same politikarane no samlar seg om å leggja ned Nordbygda skule vil nok somme stussa.

Øyvind Røen frå Senterpartiet, som er den som kjem til å fremja mindretalspartia sitt framlegg i dag, innrømmer at dette er eit litt vanskeleg punkt der det nok er litt ulike syn. På grunn av programformuleringane ville nok helst somme utsett heile saka til neste valperiode. Sjølv hadde han helst sett at Nordbygda skule ikkje vart lagt ned i det heile. Men det viktigaste for dei som no har gått saman er å få til det dei meiner vil vera eit betre vedtak enn det som vart gjort føre jul, og då må ein ta og gje. Då me snakka med Øyvind Røen tysdag kveld såg han føre seg fleire samtalar omkring mellom anna dette fram mot kommunestyremøtet i ettermiddag.

Eit anna argument i debatten i vinter, som no kan verta snudd mot mindretalspartia, er det med demokrati. Senterpartiet har stilt spørsmål ved om alle demokratiske spelereglar vart følgde i samband med vedtaket føre jul, både når det gjeld saksførebuing og avrøysting.

- Men å gjera om eit trass alt lovleg fatta vedtak om skulen bakvegen, på eit møte der skulesaka ikkje ein gong står på sakslista, er vel heller ikkje spesielt demokratisk, Øyvind Røen?

- No er det ikkje me som har kopla skulesaka og hallsaka saman, det var det dei som utgjorde fleirtalet føre jul som gjorde då. Så viss noko har kome inn bakvegen, er det hallen. Poenget no er å retta opp att den skaden som skjedde i desembermøtet når det viser seg at avstanden mellom hall og skule vert for stor. Ideelt sett skulle me nok ha teke oss betre tid og fått skulebruksplanen opp att som eiga sak. Men på den andre sida har me eit press på oss til å få teke ei avgjerd i denne saka no, ikkje minst frå administrasjonen og dei tilsette i skulen som skal førebu neste skuleår, seier Øyvind Røen.

Kommunestyremøtet begynnar klokka 14 i ettermiddag. Korleis det heile endar vil du finna på Samningen sine nettsider få minuttar etter at saka er klubba.


Skriv ein kommentar