Hall-nemnda går inn for Bjørkheim

Tidlegare har Idrettslaget sine representantar gått inn for området ved Grendahuset, men no går dei også inn for Bjørkheim.

- Slik eg ser det, er Bjørkheim det einaste alternativet som er mogeleg å få realisert. Og skal me få ein hall i Samnanger er det no eller aldri. Steinmassane er ein gåvepakke til prosjektet, seier Nils Aadland, som saman med Roger Lemme har representert Idrettslaget i hallnemnda.

Nils Aadland legg mellom anna vekt på at både fylkeskommunen og miljøavdelinga hos Fylkesmannen er svært positive til å plassera hallen i Vågen ved Bjørkheim. Dei ser føre seg at området kan gjerast både finare og meir tilgjengeleg enn det er i dag, at det kan verta eit flott område for bading, fisking og friluftsliv.

Og det er slett ikkje noko lite området, dette, påpeikar Nils Aadland. I framtida vil det eventuelt vera plass til både symjehall og for den saks skuld kunstgrasbane på området, i tillegg til fleirbrukshall og parkeringsplass. Det vil og verta eit grønt og fint område, på to nivå og med buskar og tre.

Å sjå nærmare på Lauskar og Haukaneset har han ikkje noko tru på. – Nemnda har jo alt vurdert desse stadane. Desse alternativa vil verta langt dyrare. For her vil ein få store kostnader med veg som anten må byggjast eller utbetrast, vatn og kloakk. Dessutan er vegvesenet negative her, anten det er snakk om nytt kryss eller utvida bruk av eksisterande kryss. Hagabotnane er også heilt urealistisk, påpeikar Nils Aadland, sidan tilskotsordningane gjer at det ikkje er mogeleg å få til ein rein idrettshall, som det måtte ha vorte der. Nils Aadland fortel elles at veldig mange har kontakta han og gjeve uttrykk for at ein hall er noko Samnanger verkeleg treng.

- Men det er no eller aldri, trur eg. Samnanger har ingen rik onkel, seier Nils Aadland.

Når Reistadvika er mindre aktuell enn før har det mellom anna med flaum å gjera. Leiar for teknisk eining, Ivar Erstad, seier at det nok vil vera mogeleg å løysa dei problema, for eksempel ved å byggja hallen på eit litt høgare nivå enn vegen og eventuelt parkeringsplassen attmed hallen. Men problema rundt elva og flaum vil uansett føra til auka kostnad, seier Ivar Erstad. Nemnda peikar også på at tomta er i minste laget for å få til nødvendige trafikkløysingar i tillegg til hall og parkering. I tillegg vil miljø- og verneinteresser koma inn i biletet her.

Samningen har også snakka med rådmann Tone Ramsli og lufta alternativet med å behalda ungdomsskulen på Tysse og byggja hallen ved skulen der.

- Det er ikkje mogeleg å byggja noko hall ved ungdomsskulen på Tysse, slær rådmannen fast. - Det er rett og slett ikkje plass, langt der i frå. For sjølv om det vil vera plass til sjølve hallen, som treng om lag to mål, så treng ein eit like stort område til parkering. Og kvar skal så elevane gjera av seg? Dei treng den plassen som er der i dag, seier rådmann Tone Ramsli. Tilskotsordningane talar heller ikkje for ein hall her, forstår me.

Problemet med å gjera Nordbygda skule om til ungdomsskule, der ein eventuell hall i Vågen ved Bjørkheim skal fungera som gymnastikksal for skulen, er mellom anna avstanden mellom skulen og hallen.

Rådmannen har følgjande å seia om den problemstillinga:

- Her må ein skilja mellom fysisk aktivitet og faget kroppsøving. På ungdomsskulen har elevane berre to timar kroppsøving i veka. Desse to timane kan ein ha i blokk, altså samla på ein dag. Om ein då legg dei timane først eller sist på dagen, kan elevane gå på eller av bussen på Bjørkheim. Dermed vert det berre eine vegen ein må gå. Dei skal også ha 10 minuttar friminutt for kvar time, altså 20 minuttar for begge timane. Dei 20 minuttane har dei då til å gå til eller frå skulen når dei har kroppsøving. Dette er vurdert til å vera ei bra ordning, reint pedagogisk, seier Tone Ramsli.

Når det gjeld økonomien går hallnemnda ut frå ein kvm-pris på 18.000 for hallen. Hallen er tenkt å verta litt over 2200 kvm stor og vil dermed kosta om lag 40 millionar kroner. Reknar ein så med om lag 8 millionar i spelemidlar, 10 millionar i momskompensasjon, 0,5 millionar frå Enova og 3 millionar frå fylket, må kommunen skaffa om lag 19 millionar på annan måte.

Men dette er kostnaden med sjølve hallen. Skal den kombinerast med noko, og det skal den altså, kjem kostnaden med det i tillegg. Skal det for eksempel byggjast bibliotek er det rekna med ein ekstra kostnad på 6 millionar, om ein reknar eit bibliotek på 200 kvm.

Etter at eit konsulentfirma slo fast at ei utvendig vøla av kommunehuset på Tysse vil kosta mellom 12 og 15 millionar kroner (!), har det også det å byggja nytt kommunehus som ein del av ein fleirbrukshall vore framme. Kostnaden her vil vera om lag 18 millionar for eit kommunehus på 600 kvm. Då har ein tenkt seg at kommunehuset skal dela kantine, møterom m.m. med dei andre som held til i hallen.

For dei som lurer på kor tid ein slik hall eventuell vil koma, går dei første par åra med til planarbeid og til å venta på stein. Bakk har antyda at steinmassar kan vera tilgjengeleg frå 2012. Då vil hallen kunna byggjast i 2013/2014.


7 lesarkommentarar til “Hall-nemnda går inn for Bjørkheim”

  1. Tja skriv:

    Skal ikkje gå inn i nokon debatt her når det gjeldt om det er plass til hall på Tysseskulen eller ikkje, det får heller ekspertane ta seg av, sjølv om eg registrerer at det næraste me vel kjem ein ekspert i bygda seier at det er plass.

    Men å sei at parkeringsplassane som må til i samband med hall ødelegg for elevane er vel ikkje heilt riktig. Bruk av hallen som ikkje er i samband med skule kjem vel i all hovudsak til å foregå på kveldstid, og då vil ikkje parkerte bilar på det som står att av skuleplassen vera noko problem.

  2. Tja skriv:

    Ein annan ting er har lurt litt på er kor stor ein ser for seg at denne hallen skal vera. Det har jo våre snakk om bowling, bibliotek, kommunehus, kontor til utleige, videokonferanse, konsertsal, svømmebasseng(?), kafe mm. For all del, eg er for å få hall eg, men syns likevel det kan vera på sin plass å moderera seg litt. Når eg les alt denne hallen skal inneholda og alt ein skal gjera med skulane rundt i bygda (i tillegg til å legga ned ein velfungerande skule) så begynner eg å lura på om dei som har vore med på å bestemma dette lid av kollektiv stormannsgalskap.

    Og som andre har påpeikt: Har ein fortsatt pengar til overs til aldersheimen?

  3. Den rådville skriv:

    Kort oppsummert kan me ha følgjande i vente:

    - Nedlegging av Tysse ungdomskule og ny i Norbygda
    - Nedlegging av kommunehus og bibliotek på Tysse og nytt i Norbygda
    - Ny hall i Norbygda
    - Nytt kulturhus i Norbygda
    - Nedlegging av symjebasseng på tysse og nytt i Norbygda
    - Nedlegging av butikk på Tysse og ny i Norbygda

    Det som starta som ein gjennomgang av skulestrukturen har altså vakse seg stort nok til at samnanger no kan få eit stort sentrum istadenfor 2 små. Soga fortel at krokarane for nokre hundre år sidan stjal tømmeret til kyrkja og dermed fekk den bygd på Ådland. Med det som no er iferd med å skje kan ein påstå at tjuveriet er komplett, men kanskje er det best slik?

  4. Framleis rådvill skriv:

    For ikkje å snakka om den komande Tysse-tunnelen og det faktum at Safa til tider lever med særdeles tøffe utfordringar kan mykje tyde på at Tysse, inntil vidare, har sett sine beste dagar…

  5. Undrande skriv:

    Brikkena ser ut til å fella på plass ja, det er nok dette som er den eigentlege agendaen for dei store tenkarane i hallnemnd, administrasjon og politikk. Heretter bør vel debatten førast på det nivå den høyrer heime.
    Kva for “strategisk utvikling” ønskjer me at samnanger skal ta? Mot framtidige utfordringar (kommunesamanslåing, innvandring av bergensarar - jau, trendutviklinga går i den retning ja) står ein kanskje best rusta med eit slagkraftig Bjørkheimssentrum. Men vil me tøssarane så vondt og krokarane så godt? Maktar me å løfta oss over interne stridighetar og sjå kva som er det beste for kommunen? Kanskje er Tysse sin “undergang” nødvendig for at me skal bestå som eigen kommune? Ein ting er sikkert, siste ord er ikkje sagt…

  6. Gniaren skriv:

    Forstår ingenting. Etter som ein høyrer er det store problem for dei forskjellige etater med å få budsjett til forsvarleg drift. Dei kommenale vegane går nermast i oppløsning. Var ein tur på bygdavegen, har ein lav bil, og ved fleire høve skrapa bunnpanna nedi pga spor. Kommunen har ikkje råd til å ordna dette, men hall har dei råd til? Kva med boligar for funksjonshemma på Erikajorda? Kva med alle milionar som er brukt på symjebassenget på Tysse? Var dette sløsing? Kva med tilbygg på Samnangerheimen? Kjem det? Det som eg har sett av Tysse skule visar at denne er både fin og godt vedlikeholdt. Er det forsvarleg,økonomisk, sammfunsnyttig økonomi dette?

    Syntes at ordførar kan komma på bana og forklarar om denne hallen kjem til å gjera kommunen blakk i år og dag framover.
    Vidare er dette noko som splittar bygda, og for å unngå Kvamsyndromet må det meir informasjon fram her.

    Det som i utgangspungtet skulle vere innsparinger i skulebudsjett, er no blitt ei stor utgift. På mange milioner, har kommunen desse milioner?

    Eller er dette storpolitikk der enkelte er ute å skaffa seg eit monument.
    Som tidlegare nemt forstår ingenting eg

  7. Den rådville skriv:

    Jag hugger i sten
    Men jag tror att jag sakta börjar se en kontur
    Några armar och ben
    Jag jobbar mig inåt så jag ser en figur

    Lars Winnerbãck

Skriv ein kommentar