Legevakta ferdig med barnesjukdomane?

Legevaktsamarbeidet med Os står føre si halvårlege evaluering. Der skal den nye ordninga gåast nøye gjennom. Då er det viktig at alle som meiner dei har hatt uheldige opplevingar kjem fram med dei.

- Skal dårlege erfaringar koma med i evalueringa, må folk framsetja dei skriftleg til S.Os legevakt, gjerne med kopi til oss, seier kommunelege Harald Ramm Salbu.

- Eg har sjølvsagt høyrt om einskilde episodar og om ting som kunne vore løyst betre, seier kommunelegen. - Dei tek eg med meg. Men seriøse klager må framsetjast skriftleg om me skal få teke fatt i dei. Til no har eg berre fått eit par slike.

Alt i alt synes kommunelegen at legevaktsamarbeidet har fungert svært godt så langt.

- Me er godt nøgde med dei store linjene, seier han. - Det har då også heile tida vore ei styringsgruppe i funksjon. Fagansvarleg, altså legevaktsjefen på Os, samt sjukepleiaren med det administrative ansvaret og eg sjølv har jamleg hatt møte. Målet har vore å få bukt med ulike barnesjukdommar og smørja hengslene. Det har vore svært nyttig.

For ulike oppstartsvanskar har det vore. Eit problem fleire har opplevd, er at dei ikkje har kome gjennom til legevakta på telefon.

- Eg veit at ei tid var det eit problem med at einskilde samtalar frå mobiltelefon ikkje vart besvart slik dei skulle, seier Ramm Salbu. - Det var eit teknisk problem på sjølve telefonapparatet som tok imot samtalane. Det er no ordna. Om nokon likevel opplever at det tek langt tid før dei får svar, kjem det av at det nett då er stor pågang på telefonen. Uansett skal dei få ei melding som fortel at dei no er komne fram til legevakta, at dei står i telefonkø og også kva nummer dei er i køen, opplyser Ramm Salbu. - Då må dei berre halda linja til dei kjem igjennom!

Andre har opplevd at dei har ringt legevakta, kome greitt gjennom på telefon, men fått beskjed om at dei ikkje kjem til hos legen før seinare på dag. Ved eitt tilfelle handla det om ein blødande kuttskade som openbert trong til sying.

- Eg synes det høyres merkeleg ut at ein pasient med slike skader skal måtta venta på behandling ein halv dag, seier kommuneoverlegen. – Eg kan ikkje tru anna enn at det då må ha vore mange pasientar med endå større trong til legebehandling i systemet allereie. Men eg kjenner ikkje denne saka spesielt, så her uttalar eg meg på eit generelt grunnlag.

Det er erfarne sjukepleiarar som tek imot telefonsamtalane som kjem til legevakta på Os. Dei vurderar kven som treng koma til lege fort, gjev informasjon om korleis pasientane skal forhalda seg medan dei ventar, og set opp timeplanen for vakthavande lege.

Ved legevakta i Bergen kan alle som vil koma og setja seg og venta på tur. Ved legevakta i Os kan ein i prinsippet også gjera det, sjølv om S.Os legevakt helst ser at folk ringer og får tildelt time.

- Pasientar fortel at dei er godt nøgde med korleis dei blir møtt når dei tek kontakt med legevakta, seier kommunelegen. - Sjukepleiarane er svært dyktige til å vurdera kor alvorleg tilstanden er for pasienten, dei rettleiar godt over telefon og er også flike til å ringja opp att for å høyra korleis tilfellet utviklar seg.

Om sjukepleiarane meiner det er trong for det, kan dei også be pasienten koma før avtalt time.

Dei fleste ventar såleis heime. Når ein så kjem til legevakta til avtalt tid kan det innimellom henda at ein vert sitjande og venta utover tildelt time. Det skuldast i så fall at det er komen inn nokon som treng akutt hjelp.

Dette med å måtta venta på legen er elles ikkje noko samningane har vore så vane til. Før har ein kunna ringt vakthavande lege og møtt opp på kontoret nesten med det same. Denne ordninga har vore svært gunstig for pasientane, men svært slitsam for legane. Difor har då også kommunen hatt problem med å få ei stabil legeteneste. No er ei slik på plass. Ulempa er at det er lengre til legevakta.

- Eit grovt overslag fortel at kvar samning treng legevakta om lag ein gong kvar sjuande år, fortel kommunelegen.

Han legg til at ved akutte tilfeller har bygdefolket svært god beredskap i brannvesenet sin nye førstehjelpsbil. Den blir ført av kunnige førstehjelpsfolk og bilen er utstyrt med det aller meste ein finn i ein ambulanse. Treng ein omgåande hjelp ringer ein såleis ikkje til legevakta, men til alarmtelefonen 113. Då rykkjer ambulansen i Eikelandsosen og førstehjelpsbilen ut.

- Det er ikkje mykje førarane av førstehjelpsbilen ikkje kan gjera like godt som ein lege ved akutte hendingar som ulukker eller hjartestans, seier Harald Ramm-Salbu.

– Alt i alt trur eg bygdefolket har eit betre helsetilbod no enn før, men er det noko ved legevaktsamarbeidet som ikkje fungerar vil me gjerne vita det og ta det med oss vidare, seier kommunelegen.


Skriv ein kommentar