Skulesaka likevel opp att

Bakgrunnen for vedtaket er etter det Samningen forstår at plassering av fleirbrukshall ved Grendahuset er mindre aktuelt enn før, mellom anna på grunn av flaumfaren, og at mange meiner ein hall på Bjørkheim vert for langt frå skulen i Nordbygda. Difor gjekk fleirtalet i PØ inn for følgjande, som vart vedteke:

“Samnanger kommune har som mål å byggja ein fleirbrukshall. Hallen vert plassert i området mellom Bjørkheim og bussgarasjen i Haukaneset. Dette tyder at det ikkje er mogleg å nytta fleirbrukshallen som gymnastikksal for skulen i Reistadliane. Dermed må skulestrukturen i Samnanger takast opp på nytt i kommunestyret. I samband med rullering av arealplan for kommunen skal området Bjørkheim/Lauvskar/Haukaneset vurderast som utbyggingsområde til næring, offentleg føremål og bustad”.


Skriv ein kommentar