Plass til fleire!

Anne Lise Nesteby Tøsse er ansvarleg for avviklinga av Ungdommens Kulturmønstring i Samnanger, og også meir eller mindre direkte engasjert i fleire av musikk-nummera som skal konkurrera om å gå vidare.

UKM er for ungdom mellom 10 og 20 år, og vert halde på Gjerde skule laurdag den 6. februar. Målet med konkurransen er både å visa breidda i kulturaktivitetane til ungdommen i bygda, men også å senda dei beste utøvarane vidare til Fylkesmønstringa i Grieghallen den 10. og 11. april.

UKM-arrangementet startar med at 10 kulturskuleelevar går på scena for å framføra eit timelangt utdrag frå musikalen Den Lille Havfrue. I UKM sitt regelverk er det grenser for kor lange dei konkurrerande innslaga kan vara, slik at det berre er einskildnummer frå denne framsyninga som eventuelt kan gå vidare, forklarar Anne Lise, som legg til at ho håpar juryen i år sender fleire innslag vidare. I fjor gjekk berre tre vidare til Fylkesmønstringa i Grieghallen, i år satsar Anne Lise Tøsse på at Samnanger sender minst ti innslag vidare til Bergen.

Vil du melda deg på finn du nødvendig informasjon via kommunen sine heimesider!


Skriv ein kommentar