Folketalet litt ned
Dei offisielle tala frå Statistisk Sentralbyrå kjem ikkje før i februar, men 2370 vil truleg ikkje vera mykje feil, om det er feil i det heile. Ved forrige årsskifte var folketalet i Samnanger 2379. Trøysta får vera at talet på samningar var nede i 2351 i sumar, men har altså teke seg opp att i løpet av hausten. Folketalet har truleg også gått litt opp i løpet av dei første fire vekene av 2010 også.
Elles vart det fødd 34 born i Samnanger i 2009. Snittet på 2000-talet har vore om lag 30 fødde pr. år, men med veldige svingingar frå år til år; i 2004 vart det til dømes fødd 19 born, i år 2008 kom det 42.
Skriv ein kommentar