”Prøveboringa” ferdig
Heilt sidan regnet vaska med seg rasmassane og delar av vegen ved Stegen, har kommunen venta på at geologar skal bora seg ned og sei dei kva typar underlag vegen kviler på. No er det arbeidet gjort, og ut frå rapporten sine funn vil kommunen vurdera korleis dei skal reparera vegen.
- Dersom kulda kjem attende kan det verta ei hindring, men elles går me i gang straks me har bestemt på kva måte arbeidet best kan gjerast. Venteleg skjer det innan eit par veker, opplyser Vidar Tveiterås.
Skriv ein kommentar