Skulesaka kjem opp att

Grunngjevinga for å forlanga at saka vert teken opp på nytt, er at ein vil ha kostnaden ved fleirtalet sitt vedtak nærare utgreidd.

- Utgangspunktet for denne saka var at noverande skuleordning er for dyr. Saka enda med eit vedtak med fleirbrukshall som dominerande faktor og der det med sparing hadde visna vekk, seier Sture Tveit frå Høgre.

Sture Tveit seier at det kan tenkjast at kommunestyret sitt vedtak er rett på sikt, men han vil ha meir tal på bordet.

- Vedtaket vart gjort utan at me har peiling på kva det vil kosta. Kva vil det kosta å byggja om Nordbygda skule til ungdomsskule? Kva vil det kosta å byggja om Gjerde skule til å ta mot alle barneskuleelevar i Samnanger? Kva vil me eventuelt spara?

Sture Tveit stussar også på det å leggja ned ein velfungerande ungdomsskule, sjølv om han forstår at vedtaket om å flytta ungdomsskulen til Nordbygda har med hall og tilskotsordningar å gjera.

Rådmann Tone Ramsli stadfestar at lova er slik at når minst 1/3 av dei folkevalde i kommunestyret krev det, så vert det nytt møte. Då Samningen snakka med rådmannen var kravet om nytt møte enno ikkje kome til kommunen.

Ein del av vedtaket i kommunestyret føre jul var å samla alle barneskuleelevar på Gjerde alt frå hausten, ved hjelp av leigde modular. Arbeidet med å førebu dette er godt i gang. Det er eit arbeid kommunen ikkje vil stoppa når kravet om nytt møte kjem.

- Nei, det kan me ikkje gjera, seier rådmann Tone Ramsli. - Når saka kjem opp att kan to ting skje. Anten vert vedtaket vert gjort om, eller så vert det ståande. Skulle det siste skje, har me ikkje råd til å missa ein månads arbeid. Så me må halda fram, men sjølvsagt ha i bakhovudet at vedtaket kan verta gjort om. På same tid må me sjølvsagt førebu ei sak til kommunestyret med bakgrunn i kravet frå dei folkevalde om nærare utgreiing av økonomien i saka.


Skriv ein kommentar