Safa produserer for fullt

Alfred Bruvik, direktør ved SAFA–fabrikken på Tysse er som venta svært nøgd med kuldeperioden sørlege delen av landet er inne i. Den har ført til auka etterspurnad etter gode ullsokkar og varmande ullundertøy, og det er bra for SAFA. Såpass stor har auken vore siste tida, at dei tilsette som ei periode var permitterte frå fabrikken er attende på jobb og endåtil vert bedne om å arbeida overtid.

- Og slik har det vore i mange veker, fortel Alfred Bruvik.

Til no i januar har SAFA omsett for 30-40% meir enn det dei gjer i eit normalår, opplyser Bruvik, som også fortel at fabrikken omset 90% av alt dei produserer på marknaden i Noreg. Så kaldt vêr her i landet betyr gode tider for fabrikken på Tysse. Dei 35 tilsette står på heile dagen og langt utover kveldane for å møta bestillingane som renn inn frå butikkar frå nord til sør.

– Det er mest så det er meir enn me kan ekspedera, seier Bruvik, som rosar dei tilsette før å trø ekstra til for å møta alle ordrane som kjem inn.

Også ved Skinija-fabrikken i Litauen, som produserar ein del sokkar og strømpebukser for SAFA, går strikkemaskinene for fullt.

- Det er me som bestemmer kva garn som skal brukast og kva slag maskiner fabrikken skal strikka varene på, så kvaliteten og utforminga på det som er produsert ved den fabrikken skal vera nøyaktig den same som på dei me lagar på Tysse, forklarar Alfred Bruvik. – Våre spesifikasjonar syter for at varene er identiske med dei me lagar her.

Det er ikkje berre dei velkjende sokkane til SAFA som er etterspurd om dagen, alt av undertrøyer, stilongsar, strømpebukser og anna som kan hjelpa folk å halda på varmen, finn bein å gå på. Også i SAFA sitt eige utsal på Bjørkheim er det travelt. Der kling både dørbjølla og kassaapparatet jamt og trutt. Ved disken ekspederar Danuta Trengereid unge og eldre, enten dei har vakse opp med SAFA-produkt eller dei nyss har oppdaga korleis gode ullplagg kler kulda ute og held varmen inne.

- Me utviklar heile tida nye kolleksjonar, no driv me og formgjev dei plagga som skal presenterast på messer til hausten og sidan produserast neste vinter, fortel Alfred Bruvik.

Og om SAFA sjølv ikkje produserar visse type plagg, supplerar dei utvalet sitt med Janus sine varer. Slik sikrar dei eit teneleg sortiment både i SAFA- utsalet i Norheimsund og på Bjørkheim.


Skriv ein kommentar