Cannabisplantasje i Samnanger

Det var sist fredag at politiet fann cannabisplantene på eit loft i eit privathus i Samnanger. Det var snakk om 10-12 planter.

Cannabisplantene er store, gjerne halvanna meter høgre, og vert mellom anna brukte til å framstilla hasjisj og marihuana. I tillegg til sjølve plantene fann politiet også ferdige varer, mellom anna marihuana.

To personar er sikta for produksjon eller medverknad til produksjon, medan ein tredje person er sikta for bruk og ”besittelse”. Alle tre er kjenningar av politiet.

Andor Helgheim ved Samnanger og Kvam lensmannskontor seier at dei er glade for å ha avslørt denne cannabisplantasjen, men at dei er usikre på kor lenge produksjonen har pågått. Politiet er elles veldig avhengige av tips frå publikum i slike saker. Dei som dyrkar cannabis søkjer seg gjerne til rolege stader. Cannabisplantene luktar veldig sterkt, og absolutt ikkje godt.