- Frp-framlegget til sjukeheim ikkje aktuelt

Som kjent har framlegget om å riva dei gamle delane av sjukeheimen og byggja nytt på rivingstomta vist seg å verta langt dyrare enn først tenkt. 112 millionar kroner er det snakk om no. I den samanheng lanserte Framstegspartiet ei alternativ løysing der ingen ting skal rivast, men der ein i staden byggjer nytt heilt ned mot sjøen. Ei slik løysing vil verta langt, langt rimelegare, hevdar Frp.

Prosjektgruppa har sett på Frp sitt framlegg og peikar mellom anna på at det er umogeleg å få plass til nybygget på kommunen sin eigedom, og at ein difor vil vera avhengig av å kjøpa areal hos naboar. Prosjektgruppa meiner det vil vera vanskeleg, ja, kanskje umogeleg å få tilgang til stort nok areal her.

- Me må truleg inn på naboeigedomane på begge sider, seier Brigt Olav Gåsdal, leiar for prosjektgruppa.

Men sjølv om ein skulle få tilgang til arealet vil det vera problem. Eit bygg her vil mellom anna vera i strid med både gjeldande reguleringsplan og byggjegrensa i kystsoneplanen. Det er heller ikkje opplagt at kommunen vil få dispensasjon i eit slikt tilfelle. Dermed må kommunen laga ny reguleringsplan, noko som vil ta minimum 1 år, og lengre tid viss nokon protesterer på planen.

Brigt Olav Gåsdal meiner også at Framstegspartiet bagatelliserer kostnaden ved å flytta den kommunale slamavskiljaren, som ligg midt i det aktuelle området.

I Frp sitt framlegg, der nybygget kjem i to terrasse-etasjar nedover mot sjøen, lågare enn noverande bygg, er det tenkt heisløysing mellom etasjane og vidare opp til noverande bygg. Men prosjektgruppa peikar på at ein i tillegg må ha veg fram til alle etasjane, mellom anna av sikkerheitsomsyn – for eksempel ved brann. Desse vegane må også koma på naboeigedomane. Heisløysinga er også problematisk med tanke på transport av varer, kle, boss m.m.

Prosjektgruppa viser også til at utgifter til personalet er den største kostnaden for drifta av ein sjukeheim, og at det difor er viktig å få til romløysingar som gjev minst mogeleg trakk. Gruppa er urolege for at eit bygg ned mot sjøen vil krevja høgare bemanning, særleg på kveld og natt, når personalet skal ta seg av fleire avdelingar samstundes.

- Frp si løysing vil føra til mykje springing for å rekka fram når alarmen går. Det vert rett og slett eit lite funksjonelt bygg, seier Brigt Olav Gåsdal.

Sist saka var oppe i kommunestyret fekk prosjektgruppa i oppgåve å gå gjennom prosjektet med sikte på å få redusert kostnaden til maks 100 millionar kroner. Førebels kan ikkje gruppa seia at det er mogeleg å få dette til. Når dei har gått gjennom prosjektet i detalj, har dei rett nok funne postar det kan gå an å spara på. Det er for eksempel sett av heile 19 millionar til uføresett og tilleggsarbeid, i tillegg til at det er ein eigen post for prisauke. Men på den andre sida er det ikkje rekna inn utgifter til inventar og utstyr.

Mange seier no at kommunen berre må gje opp ny sjukeheim på Haga, at fordelen med å byggja der dei andre helsetenestene i kommunen er, ikkje kan forsvara eit så dyrt bygg. Då må det vera betre å byggja heilt nytt ein annan stad, og både få eit langt rimelegare bygg og i tillegg unngå problem i byggjeperioden.

Brigt Olav Gåsdal seier at han sjølvsagt er godt kjent med dette synspunktet, men at prosjektgruppa ikkje har vurdert ei slik løysing. Ein av grunnane er rett og slett at kommunestyret ikkje har gjeve gruppa mandat til noko slikt. Men Brigt Olav Gåsdal peikar også på at dei som arbeider på Samnangerheimen legg sterkt vekt på fordelane med å ha sjukeheimen på same stad som dei andre helsetenestene.

- Men det er klart. Møter me veggen, lyt me vel sjå på alternative løysingar enten me vil eller ikkje, seier Brigt Olav Gåsdal.