Lang debatt i kommunestyret

Grunnen til at kommunestyret ikkje har kome i gang med den eigentlege sakslista, er at det var meldt inn fem interpellasjonar til møtet. Tre av interpellasjonane handla om det som skjedde rundt det lukka kommunestyremøtet om barnevernet 6. mars.

I den første interpellasjonen kravde kommunestyret at ordføraren skulle be om unnskyldning for at ho i samband med møtet sist opptrådde på ein måte som gjorde at kommunestyrerepresentantar som i det sivile er tilsette i kommunen følte seg pressa til å stemma slik ordføraren ville. Ordføraren har tidlegare bede dei aktuelle representantane om unnskyldning. Det gjentok ho no. Ho bad også kommunestyret om unnskyldning. Kommunestyret tok unnskyldninga til etterretning og såg dermed saka som avslutta.

Det var også ein eigen interpellasjon om rådmannen sin handlemåte i samband med det same møtet. I ein samtale med ordføraren etter møteslutt skal rådmannen gjeve uttrykk for synspunkt om at tilsette i kommunen som også er med i kommunestyret ikkje burde stemma mot ordføraren og rådmannen sitt syn i saka. I kommunestyret bad rådmannen om unnskyldning og gjorde det klart at ho som rådmann ikkje har noko med korleis kommunestyrerepresentantar stemmer. I interpellasjonen frå gruppeleiarane Gunnar Bruvik, Øyvind Røen, Ragnfrid Aadland Olsnes og Eva Hellevang, pluss Sigmund Dyrhovden frå Kristeleg folkeparti, vert det gjeve ei åtvaring til rådmannen der det heiter at det kan få følgjer for tilsetjingsforholdet hennar om noko liknande gjentek seg. Sjølve debatten gjekk for lukka dører. I skrivande stund er det dermed uvisst om åtvaringa i interpellasjonen vart vedteken.