Frikjenner barnevernsleiaren

Det var i januar i år at barnevernsleiaren ringte helsesøster og lege Jakob Christian Norup om ei barnevernssak. Fire veker seinare sende Norup eit klagebrev til Fylkesmannen om samtalen. ”Jeg sitter som fastlege tilbake med en følelse av å ha blitt forsøkt brukt av barnevernet til å utføre en uforsvarlig handling: Tvangsfjerne to barn fra en mor ved hjelp av løgn og lureri…”, heiter det mellom anna i brevet frå Jakob Norup.

Fylkesmannen slår fast at lege, helsesøster og barnevernsleiar skildrar telefonsamtalane ulikt, noko som er naturleg, sidan utsegn vert oppfatta ulikt. Fylkesmannen kan ut frå dette ikkje seia at den eine framstillinga er meir riktig enn den andre.

Men så skriv Fylkesmannen følgjande: ”Alle partar er samde om at det ikkje på noko tidspunkt har vore tale om at helsetenesta skulle bistå barnevernstenesta med tvangsgjennomføring, slik at dette ikkje er tema i saka. Dette legg vi til grunn sjølv om Norup i sitt brev nyttar nemninga tvangsgjennomføring. Ut frå skildringa er det klart at det ikkje på noko tidspunkt har vore tale om å nytta tvang.”

Fylkesmannen skriv vidare at det var barnevernsleiaren si plikt å ringja helsesøster og lege for å avklara samarbeidet i saka. ”Uavhengig av kva framstilling av saka vi legg til grunn for vår avgjerd, finn Fylkesmannen det klart at det ikkje er nokon som helst grunn til å retta kritikk mot barnevernsleiar sin handlemåte. Barnevernsleiar har berre gjort det han er forplikta til å gjera etter lova i ei slik sak.”

Lege Jakob Christian Norup seier til Samningen at han tek Fylkesmannen sitt vedtak i saka til etterretning, men at han stussar over premissane som ligg til grunn for vedtaket.

- Når Fylkesmannen skriv at alle partar er einige om at det aldri var på tale at helsetenesta skulle hjelpa barnevernet med tvangsgjennomføring, må det skuldast at Fylkesmannen har ein langt snevrare definisjon av tvang enn eg har. For sjølv om det aldri var snakk om rein fysisk tvang, vart me trass alt bedne om å ”lure-innkalla” mora og borna, for deretter å plassera dei i to ulike rom for at barnevernet enklast mogeleg kunne fjerna borna frå mor, seier Norup, som også stiller seg uforståande til utsegna om at alle partar er einige, ut frå det faktum at han ikkje har hatt noko form for kontakt med Fylkesmannen i saka, utover det å senda klageskrivet.

Sjølv om Jakob Norup tek Fylkesmannen sitt vedtak til etterretning, vil han likevel lesa Fylkesmannen sine merknader grundig for å sjå om dette er noko han har høve til å gå vidare med.

- For det er snakk om viktige prinsipp her. Og eg står for det eg har sagt, seier Jakob Norup.

Fylkesmannen har også vurdert om Norup har brote teieplikta si på bakgrunn av oppslaget som stod i Bergens Tidende 12. februar. Der har han ikkje, slår Fylkesmannen fast.

Brevet frå Fylkesmannen er underteikna av assisterande fylkesmann Rune Fjeld og fylkeslege Helga Arianson.