“Hemmeleg” barnevernsvedtak

Eigentleg skulle kommunestyret ha ein generell debatt om barnevernet, men då det alt i starten av debatten vart signalisert eit ønskje om å diskutera eventuell suspensjon medan undersøkingane pågår, vart saka straks også ei personalsak. Dermed vart møtet lukka, slik lova krev.

Etter ein fleire timars lang debatt gjorde kommunestyret så vedtak, eit vedtak som dei bestemte skulle vera lukka, altså hemmeleg, inntil vidare.