Rådmannen vil ha intern kontroll av barnevernet

Rådmannen meiner det bør brukast konsulent i dette arbeidet, både fordi kommunen korkje har kapasitet eller tilsette med kompetanse til å gjera eit slikt arbeid, men også for å unngå spørsmål om habilitet, som lett vil dukka opp om kommunen skal granska seg sjølv.

Kommunestyret må likevel velja ei styringsgruppe som skal laga opplegget, bestemma kva ein vil ha undersøkt og korleis undersøkinga skal gjerast. Sjølv om undersøkinga skal sjå på barnevernet i Samnanger generelt, trur rådmannen at dei som skal sitja i ei slik styringsgruppe også vil koma til å få informasjon som er underlagt teieplikt. Difor meiner rådmannen at styringsgruppa ikkje bør vera for stor. Det kan også vera aktuelt å la rådmannen vera styringsgruppe, eller eventuelt ei gruppe med både rådmannen og politikarar.

Rådmannen meiner at barnevernet må sjåast på ut frå fleire synsvinklar. Den mest omfattande delen av undersøkinga vil vera å få fram informasjon om korleis barnevernet samarbeider med andre; med andre i kommunen, med PPT osv, men ikkje minst med brukarane, altså med dei som er i ein situasjon som gjer at dei kjem i kontakt med barnevernet. Her kan det for eksempel rett og slett vera aktuelt å snakka med og intervjua folk. Det er eit slikt arbeid som må gjerast av nokon utanfrå, og ikkje nokon frå kommunen, meiner rådmannen.

Ei slik undersøking vil også dreia seg om korleis tilsette har gjort jobben sin, og om forholda er godt nok tilrettelagde for at dei kan gjera jobben sin på ein god nok måte, skriv rådmannen i saka som vert lagt fram for kommunestyret neste veke.

Arbeidet skal, slik rådmannen ser det, resultera i ein rapport som igjen skal danna grunnlag for forslag om tiltak og endringar.