Kommunestyret vil vurdera barnevernet nærmare

På det lukka møtet fekk kommunestyret noko utvida innsyn i saka som har vore mest framme siste tida, ikkje om private detaljar, men om saksgang og korleis lovverket har vore nytta, fortel ordførar Marit A. Aase.

Advokat Rolf Bech-Sørensen frå advokatkontoret i Bergen som representerer nesten alle kommunane i Hordaland var til stades og orienterte mellom anna om ansvarsforholdet mellom det lokale barnevernet og fylkesnemnda.

Det er fylkesnemnda som til sjuande og sist bestemmer i alle slike saker, men det lokale barnevernet står også sentralt. Det lokale barnevernet kan mellom anna fatta akuttvedtak om å ta born bort frå heimane sine, men også desse vedtaka må overprøvast av fylkesnemnda innan 48 timar. Det lokale barnevernet står også sentralt når det gjeld oppfølging av sakene.

Etter ein lang debatt samla kommunestyret seg til slutt om eit vedtak der rådmannen får i oppdrag å utarbeida ei sak til kommunestyret sitt møte 6. mars. Saka skal danna grunnlag for kommunestyret sitt vedtak om ein gjennomgang av barnevernet i kommunen.

Men kommunestyret vedtok også litt meir om kva denne gjennomgangen skal innehalda. Ved å nytta kommunen sine vanlege kontrollordningar kan det for eksempel vera aktuelt å sjå på korleis barnevernet sitt samarbeid med barnehagar, SFO, skular, legar osv. fungerer.

I kommunestyret sitt vedtak vert det også peika på at sjølve organiseringa av barnevernet skal vurderast. Bør Samnanger for eksempel ha barnevern i lag med andre kommunar for å få eit større miljø eller kan det vera aktuelt med ei omorganisering lokalt? Det er to aktuelle spørsmål her.

Ordførar Marit A. Aase seier at dette med organisering av barnevernet har vore drøfta i kommunestyret før. Også eininga sjølv har teke dette opp tidlegare.

Ordførar Marit A. Aase seier at ho både er letta og takknemleg over at ein greidde å få til eit samla vedtak i denne saka. Vedtaket viser også at kommunestyret verkeleg tek kritikken mot barnevernet på høgste alvor, seier ho.

- At barnevernet har tillit mellom kommunen sine innbyggjarar er heilt avgjerande, seier ordføraren. – Store delar av befolkninga har det i dag også, legg ho til. For ordføraren har ikkje berre vore kontakta av mange som er uroa over barnevernet siste tida, men også av mange som uttrykkjer tillit og har eit anna syn enn kritikarane.

Men for kommunen er det viktig at alle har tillit til barnevernet. Difor er ordførar Marit A. Aase glad for gjennomgangen ein no vil få. Og ho lovar at arbeidet med denne saka skal ha høgste prioritet framover.